110-sentralen Vest melde om brannen klokka 15.42 laurdag ettermiddag.

Vest politidistrikt opplyste at brannen spreidde seg fort. Både brann og politi rykte ut.

Ifølgje vaktoperatør Jostein Steinsland Hauge brann det på ein holme ute i elva Gaula. Dette skulle seinare vise seg å vere Sandeøyra.

– Vi har fått mange telefonar om brannen, seier han.