Gå til sidens hovedinnhold

Grasbrann i Stryn

Teltbuarar byrja sløkkearbeidet med bøtte, før brannvesenet kom fram.

Klokka 17.47 tysdag fekk brannvesenet tips om ein brann i lyng og gras i Bødal inst i Lodalen i Stryn. Det skal brenne i eit område på cirka tre kvadratmeter, ifølge personen som ringte 110 Vest og tipsa om brannen.

Før brannvesenet kom til staden, hadde nokre teltbuarar i området starta sløkkearbeidet på eiga hand. Kor langt unna brannen dei har telta, veit ikkje fungerande vaktkommandør Sigurd Hadeland i 110 Vest.

– Brannen er liten, men det er spreiingsfare. Forhåpentlegvis har dei kontroll på den, men det veit vi ikkje før vi er framme, sa han til Firda.

Men det tok ikkje lang tid frå brannmannskapet kom fram til brannen var sløkkt. Klokka 1842, altså ein time etter at brannen først vart meldt, byrja dei få kontroll på brannen. Klokka 1907 hadde dei brannen heilt under kontroll. No er det berre ettersløkking som går føre seg.

Kommentarer til denne saken