Golfstjerna Viktor (23) vann 11 millionar

VINNAR: 23-åringen frå Oslo vann den mest prestisjefylte touren i golf.

VINNAR: 23-åringen frå Oslo vann den mest prestisjefylte touren i golf. Foto:

Viktor Hovland vann søndag si andre PGA-turnering.

DEL

Mannen med sterke familieband til Vadheim, vann søndag PGA-turneringa i Mexico. Det gav han ein premiesum på 11 millionar kroner.

Med det er han den femte europearen sidan 1945 som sikrar seg to PGA-titlar før fylte 24 år. Seve Ballesteros, Roy Mcllroy, Sergio Garcia og John Rahm er de andre fire som har prestert det same tidlegare.

– Eg føler ikkje at eg er veldig god i situasjonar under press. Eg skalv mot slutten. Eg trudde eg tapte det etter det andre slaget på hol 16, men gjorde eit fantastisk par der. Eg bomma putten på hol 17 og visste eg måtte gjere ein birdie på hol 18. Det gjekk heldigvis inn. Eg føler meg ikkje komfortabel i dei situasjonane i det heile tatt, sa han i eit intervju sendt på Eurosport og GOLFTV, skriv Nettavisen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken