Gå til sidens hovedinnhold

Gode tal etter gårsdagens koronatesting

Torsdag vart 180 koronaprøvar analysert ved laboratoriet ved Førde sentralsjukehus. Etter to dagar på rappen med ny smitte, kan Helse Førde igjen vise til utelukkande negative svar.

Tysdag fekk ein person i Kinn kommune stadfesta smitte, og onsdag fekk ein person i Gloppen kommune stadfesta smitte.

Begge tilfella dreier seg om importsmitte, og personane var i innreisekarantene då dei testa positivt. Nærkontaktane deira er sett i karantene og har blitt testa.

Les også

Ny smitte i Gloppen – fleire skal testast

Les også

Vedkommande testa negativt på grensa

Kommentarer til denne saken