Det skal skapast gode kvardagsliv for oss livet ut – også når vi blir mange fleire eldre og hjelpetrengande, med færre yngre til å ta seg av oss. Slik er målsettinga i den nye omsorgsplanen for Sunnfjord. Ambisjonane er imponerande, men gode folkevalde: Fortel oss korleis denne planen skal bli mogleg å realisere.

Eg let utfordringa gå til dei fremste representantane i dei tre partia med størst makt i kommunestyret: Sps Jenny Følling, Aps Henrik Nordal og Anne Lilleaasen hos Høgre. Svar gjerne her i Firda. Dei andre partia må gjerne henge seg på.

Vi som etter kvart skal bli gamle i Førde og bygdene ikring, og dei som då skal ha med oss å gjere, har krav på å få vite korleis politikarane bak planen ser føre seg å setje han ut i livet, og korleis dei vil finansiere tiltaka og dekke driftskostnadene vidare. Vi må få høyre kva vegval, grep og prioriteringar politikarane meiner må til for å realisere visjonen sin innanfor det som er realistisk. Korleis vil dei til dømes skaffe helsepersonellet som trengst, og som det er manko på allereie i dag? Kva strukturendringar er dei villige til for å frigjere pengane det blir behov for?

For slikt må dei vel ha tenkt på allereie no? Dei kan då ikkje berre ha laga ei liste over gode ønske?

Her kan du finne omsorgsplanen

Eg vedgår at eg sat med kjensla av ønskeliste då Sunnfjord kommunestyre vedtok den nye omsorgsplanen 27. april, og eg såg folkevalde gratulere kvarandre med god plan og godt arbeid. Sjølvrosen gir grunn til å vere på vakt, for dette dokumentet inneheld stort sett berre velviljens vakre visjonar. Det finst inga truverdig skisse over kva det vil koste å realisere målsettingane, ingen ting i dokumentet om kva som framover må kome i andre rekke om partia vil halde lovnaden dei har gitt Sunnfjords framtidige eldre og pårørande.

Dette held ikkje. Framtidas eldreomsorg vedkjem kvar einaste innbyggar, familie og bygd i kommunen vår. Ho skal formast gjennom debattar og budsjettvedtak, og fasiten ligg i framtida, men det må vere mogleg å kome ut på opa mark med tankar ein så langt har tenkt om vegen til målet.

Éitt av dei store lokalpartia har sett eldreomsorg på dagsordenen. Det skjedde då Aps Henrik Nordal nyleg gjekk på talarstolen under Aps landsmøte og tok opp situasjonen i eldreomsorga, to dagar etter at han besøkte Førde omsorgssenter. Der hadde han fått høyre om ein kvardag som gir lite grunn til kommunal sjølvros: For få sjukepleiarar, fallande søkartal til utdanninga, pleiepersonell som slit seg ut, og ein økonomi som startar i minus og med eit urealistisk budsjett. Dette er situasjonsbildet frå omsorgskvardagen i Sunnfjord anno 2023, før talet på innbyggarar over 65 år for alvor tek til å skyte til vêrs, før det blir dobbelt så mange demente som i dag, og før talet på 80+-åringar doblar seg og talet på innbyggarar over 90 år etter kvart veks til det tredoble.

Nordal sa etterpå til Firda at han opplevde seg lytta til på Ap-landsmøtet. Men det å bli nemnd i partileiarens oppsummering av debatten er berre å ha landa ein liten fugl blant hundre andre som vaglar seg på partiets vindfulle tak. Regjeringa kom med 200 millionar kroner meir til eldreomsorg i Revidert nasjonalbudsjett, og Ap-kandidatane vil nok vite å snakke om desse kronene i valkampen, men påplussinga er som plaster og Paracet å rekne. Den delen av ekstraløyvinga Sunnfjord kommune kan rekne med, vil etter det eg skjønar bli på rundt 800.000 kroner, og skal ikkje gå til drift.

På denne måten vil det halde fram, for også staten møter ein ny økonomisk kvardag. Enorme kostnader må gå til Forsvaret i åra framover, trygdekostnadene veks, det grøne skiftet og vekslande kriser krev sitt, og dei større byane tek meir av den kommunale kaka. Alt kan ikkje løysast med å bruke meir oljepengar. Det er heilt på sin plass å krevje at staten skal stille opp og ikkje lesse uakseptable bører på kommunane. Men den lokalpolitikar som vik unna for vanskelege val og satsar på at staten løyser utfordringane våre med å riste himmelens pengetre over Sunnfjord, driv gambling med framtida for våre eldre.

La oss håpe at det ikkje er dette Sunnfjord Aps nye førstekandidat legg opp til. Men dét skal Nordal ha: Med innlegget sitt batt han lokallaget til masta og signaliserer at dei vil stå opp for eldreomsorga i Sunnfjord kommune. Då må vi vente at dette også blir følgt opp med truverdig handling, og ikkje fislar vekk i prat når interessene står på dørmatta med krav om pengar til seg og sitt og det blir freistande å gi etter for dei som ropar høgast og veit å få det som dei vil.

Vi treng at partia i kommunestyret i tide møter den samfunnsendringa som uunngåeleg kjem, og at dei gjer det med leiarskap, tverrpolitisk samarbeidsvilje, kreativitet og mot til å skjere igjennom og ikkje skyve ting føre seg. Vi treng at dei har evne til å lytte og til å spele på lag med frivillige organisasjonar og næringsliv om løysingar som står seg. Eldrebølga kjem, og vil etter kvart endre Sunnfjord-samfunnet kraftig. Dette er ikkje arenaen for partipolitisk beinkrok.

Det siste vi treng er at Ap, Sp, Høgre og resten av partia i kommunestyret driv svarteperspel med kvarandre om omsorgspolitikken. Det vil vere eit svik mot hjelpetrengande eldre, fortvila pårørande og utslitne pleiarar om partia blir gåande og skulde på kvarandre og på staten, medan dei skubbar dei vanskelege vala føre seg, sølar bort dyrebar tid brukar opp pengane på ting som er kjekt å ha og freistande å seie ja til.

Følling, Nordal, Lilleaasen og de andre: De har vedteke ambisjonane for framtidas eldreomsorg i kommunen vår. Fortel oss no korleis de ser føre dykk å sikre at visjonane i omsorgsplanen blir til røyndom.

Les også

– Vi kan ikkje vente med å gi ei god eldreomsorg

Les også

Omsorgsplanen – draumen som brest?

Les også

Mangel på kunnskap eller manglande vilje til prioritering?

Les også

Eldreomsorga i Sunnfjord

Les også

Tid for litt research, Helge Johnsen?