Gå til sidens hovedinnhold

God sommar for Loen Skylift

Gondolane i Åndalsnes og Nordfjord hatt godt besøk i sommar. Dei fryktar ikkje det blir konkurranse om besøkande i framtida.

– Vi har hatt ein veldig godt start og opplever mykje besøk. Med berre to månaders drift, er vi utruleg nøgd. Vi ligg framfor tala vi hadde i prognosane – utan cruisebesøk, fortel administrerande direktør Pål Ragnar Amundsen i Romsdalsgondolen til Nett.no.

Førre tysdag passerte gondolen i Åndalsnes 60.000 besøkande sidan opninga 28. mai.

Loen Skylift, som opna i 2016, ligg bere nokre timar sør for Åndalsnes. Dagleg leiar Richard Grov seier til Nett.no at dei ikkje fryktar konkurranse frå Romsdalsgondolen, og at besøkstala har vore på rekordnivå i sommar, med 85.000 besøkande hittil i år.

Les også

No er planane om gondolbane i Jølster eit lite steg nærare realisering

Les også

Saksøkte Loen Skylift for over éin million – må sjølv betale 700.000 i sakskostnadar

Les også

Til våren opnar ein ny restaurant på Hoven

Kommentarer til denne saken