Gå til sidens hovedinnhold

God morgon, Sogn og Fjordane!

Artikkelen er over 1 år gammel

– Her i fylket lever me godt. Me treng ikkje reisa inn til Bergen for at dei skal fortelja oss korleis me skal leva, skriv Kjellfrid Bøthun.

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.


Takk NRK Sogn og Fjordane. Dette er ein strålande måte å bli vekt på om morgonen.

Den store roa sig ned over meg. Alt fell liksom på plass. Ikkje noko prat om Vestland her. Den rette radiokanalen er på plass høyrer eg.

Og, kor mange seier ikkje akkurat det same. Det skal ikkje meir til. No har nokre politikarar prøvt på å vedta at vårt Sogn og Fjordane ikkje eksisterar meir. De kan vedta nett kva de vil for meg.

Men eg kan forsikra dykk om at eg bur i Sogn og Fjordane – og ikkje nokon annan stad! Folk her bur i Sogn, i Sunnfjord og Nordfjord. Og det er me særs nøgde med.

Her i fylket lever me godt. Me treng ikkje reisa inn til Bergen for at dei skal fortelja oss korleis me skal leva.

Korleis ein del av politikarane våre har rota oss oppi detta, ja, det er det mange i lag med meg som lurer på?

Toskeskapen er over alle grenser!

Ja til Sogn og Fjordane !

Les også

Då Einar vaks opp, budde det 45 på øya. No er han og Kjellfrid dei einaste

Les også

Vekke frå kartet, men evig i hjartet – for alle gode ting er tre

Les også

Jens Kihl (33): – Folk synest de er litt rare

Les også

Dette er folkets siste helsing til Sogn og Fjordane

Les også

Etter nyttår gruar Ronny seg til å fortelje kor han kjem frå

Kommentarer til denne saken