Gloppestad: – Full kontroll på den smitta i Gloppen

ROSAR KARANTENEREGLANE: – Testing ved innreise og obligatorisk karantene for arbeidarar frå utlandet gjer at vi har full kontroll på koronasmitten i Gloppen, seier ordførar Leidulf Gloppestad.
– Ein innleigd arbeidar ved Brødrene Aa har testa positivt på korona, melder ordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen i ei pressemelding.
– Vedkomande har vore testa både ved utreise frå heimlandet og på Gardemoen ved innreise i tråd med dei nye retningslinjene. Vedkomande har sete i karantene sidan ankomst og er symptomfri. Denne positive testen har kjeme i karanteneperioden, utan andre nærkontakter og difor reknar kommunen smitten og situasjonen for under kontroll, skriv ordføraren.
– Dette syner oss nok ein gong, at for sikkerheit og smittesporinga sin del er det avgjerande at reisande inn til landet både vert testa, sett i karantene og sit ut karanteneperioden. Dette fordi det er fullt mogleg å vere smitta ved innreise, utan at dette syner på testen som vert tatt ved innreise på grensa, skriv Gloppestad.
Kommentarer til denne saken