Først ute med sykkeltaxi?

Lærling Sara Nikole Nordbø syklar sjukepleiarane t.v  Camilla Solheim og Jorunn Landstad på ein prøvetur i hagen utanfor Gloppen omsorgssenter. No gler dei seg til å ta pasientane med på tur.

Lærling Sara Nikole Nordbø syklar sjukepleiarane t.v Camilla Solheim og Jorunn Landstad på ein prøvetur i hagen utanfor Gloppen omsorgssenter. No gler dei seg til å ta pasientane med på tur. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

No får pasientane vind i håret og får sett fleire område enn dei elles ville fått sett.

DEL
 

Gloppen omsorgssenter har kjøpt inn to sykkeltaxiar til utebruk ved Gloppen omsorgssenter på Sandane. Syklane er kjøpt inn for gåvemidlar til omsorgssenteret.

– Tanken er at dette skal vere eit alternativ til å ta pasientane med på trilletur. Med sykkeltaxi kjem ein seg lenger, ein får vind i håret, opplyser Cecilie Majchrowicz Helgheim.  Helgheim er saman med Iren Knutsen Utheim ansvarleg for prosjektet. 

Fekk ideen frå nyheitene

Sykkeltaxiane skal vere eit alternativ til å ta pasientane med på trilletur.

– Vi såg det på nyheitene, der det var eit innslag frå Haugesund for eit tid tilbake der frivillige organisasjonar sykla rundt på pasientane. Då tenkte vi at dette var perfekt for oss, fortel Helgheim om korleis dei fekk ideen om el-syklane.

– Ein kjem seg lenger og får sett andre område enn ein elles ville fått sett. Det er veldig ønskeleg at vi skal kunne ta oss ein snartur ned på Sandane, og ta oss ein kopp med kaffi og ein softis. Det blir enklare no; no er det berre å ta pasientane over i sykkelen og sykle av garde. Dette kan ein gjere sjølv om pasientane sit i rullestol, seier Helgheim, og legg til at alle heisane på sjukeheimen er tilpassa rullestolar. Ho trur Gloppen omsorgssenter er først ute med tilbodet i Nordfjord.

Vinn-vinn-situasjon

– Pasientane kjem ikkje seg ut på same måten som oss andre. Det er avgrensa område ein kan komme seg til. Vi hadde oss ein prøvetur i går, der vi var ned på Sandane og rundt Åsen. Pasientane var veldig fornøgde, og tykte at dette var storvegs, seier Helgheim, som tilrår sykkeltaxiane til andre omsorgssenter kringom.

– Dette er ein vinn-vinn-situasjon for både pasientane og dei tilsette, seier Helgheim, som også håper at det no blir lettare for frivillige og pårørande å ta med seg pasientane ut på tur.

– Dette er fantastisk for alle partar. Berre det å kjenne sola steike litt i andletet, samtidig som ein får vind i håret. Pasientane sit fremst i sykkeltaxien, så då får dei ei heilt anna oversikt og føler seg fri. Dei kjenner seg att frå då dei sykla sjølve, seier Helgheim.

– Det er også eit lite rom i sykkelen der ein kan putte inn piknik-saker om ein vil. Så dette her blir bra. Vi er veldig gira!

Og det er det ikkje berre dei tilsette på omsorgssenteret som er:

– Folk stoppar opp og vinkar til oss når vi er ute og syklar, og ropar «åh, dette var kjekt å sjå!»

Ein heilt annan fridom

Ifølgje Helgheim er det veldig godt tilrettelagt med aktivitetar i nærområdet. Særleg på Myklebustflata er det mykje som skjer, særleg med tanke på fotball.

– No kan ein sykle bort og sjå på det som skjer, utan å heile tida måtte tenkje på tida. Ein får meir fridom med tanke på tida, og ein kan ta med to pasientar i staden for berre ein, seier Helgheim, og legg til at sykkeltaxiane har både regntrekk og kalesje, så verken sol eller regn skal kunne hindre turgleda.

I tillegg til dei to el-syklane har omsorgssenteret også fått kjøpt seg ein Motiview sykkel frå midlar frå Lions, Gloppen helselag, Bygdekvinnene og Bano. Dette er eit tilbod der pasientane kan sykle inne medan dei ser filmar frå kjende område.

Foto:

– I mai kjem filmane frå Breim, Hyen, Sandane og Vereide, fortel Helgheim.

Artikkeltags