Vegvesenet skal fikse langs vegane- sjåførane må bu seg på venting

Skal du køyre på fv. 615 eller på fv. 5730 dei nærmaste dagane, risikerer du å vente.

DEL

Torsdag og fredag mellom 08.00 og 16.00 blir det gjort vedlikehaldsarbeid ved Eimhjellenkrysset på fv. 615 på strekninga Storebru- Sandane.

Det blir manuell dirigering, og vegen kan bli stengt i periodar på inntil 30 minutt.

Det blir tatt omsyn til buss og utrykkingskøyretøy, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det blir også nye stengingar på fv. 5730 mellom Aa bru og Ommedal i Hyen.

Vegen vert stengd på dagtid fredag 4. oktober og måndag 7. oktober mellom kl. 09:30 og 14:30.

Årsaka er at stikkrenner skal skiftast ut. Utrykkingskøyretøy vil sleppe forbi, men ikkje anna trafikk.



Artikkeltags