Fredrik Hope (23) er ny leiar i Målungdommen

RYKKER OPP: Fredrik Hope har vore nestleiar. No blir han leiar i Norsk Målungdom.

RYKKER OPP: Fredrik Hope har vore nestleiar. No blir han leiar i Norsk Målungdom. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SPRÅK: Fredrik Hope (23) frå Hyen vart valt til ny leiar.

DEL

– Eg ser fram til å kjempe for meir nynorsk i lærarutdanningane, seier den påtroppande leiaren i ei pressemelding.

Landsmøtet til Norsk Målungdom gjekk denne helga av stabelen på Sandane i Gloppen.

Målungdomen vedtok mellom anna arbeidsprogram for den neste perioden, der organisasjonen skal arbeide med det politiske programmet «Program for nynorsk i lærarutdanningane» og informasjonskampanjen «Nynorsk myteknusar».

Blei aktiv på Firda vgs

Fredrik Hope bur no Oslo, men vart aktiv i Norsk Målungdom gjennom lokallaget på Firda vidaregåande skule, og har sete tre år i sentralstyret. Det siste året har han vore nestleiar, og ser no fram til å innta den nye posisjonen. Som den viktigaste politiske prioriteringa nemner han nynorsk i lærarutdanningane.

– I dag er det heilt tilfeldig kva nynorskopplæring dei framtidige lærarane får. Nokre høgskular har gode opplegg, medan andre nesten ikkje gjev noko nynorskopplæring. Det finst inga felles ordning som sikrar at lærarstudentane lærer nynorsk, eller får syne at dei kan nynorsk – sjølv om alle lærarstudentar skal kunne undervise både nynorskelevar og bokmålselevar, seier Hope i ei pressemelding.

Førde-jente med i styret

Med seg i sentralstyret får han Eline Bjørke frå Løten som dagleg leiar, Elise Tørring frå Lillesand som nestleiar, Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg og Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlemmer. Det skriv Målungdommen i ei pressemelding.

Artikkeltags