Politiet: Alt tyder på at det er sakna 35-åring

Ifølgje politiet tyder alt på at det er sakna Per Arne Hestenes som er funnen. Biletet er frå ein tidlegare leiteaksjon.

Ifølgje politiet tyder alt på at det er sakna Per Arne Hestenes som er funnen. Biletet er frå ein tidlegare leiteaksjon. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Politiet kan torsdag kveld melde at ein person er funnen omkomen nord om Skinlo i Gloppen.

Personen vart funnen i samanheng med eit privat søk etter den sakna Per-Arne Hestenes, og ifølgje politiet tyder alt på at det er den 35 år gamle Hestenes frå Gloppen som er funnen.

Les også: Mora: Uvanleg at han ikkje gir livsteikn frå seg , Kallar forsvinninga ei stor gåte , Avsluttar leitinga etter Per-Arne

Funnen nær ulykkesstaden

Operasjonsleiar Wenke Hope grunngjev politiets slutning med at funnet er gjort i snaufjellet, nær der trafikkuhellet Hestenes var involvert i natt til 8. november skjedde.

– Det er heller ingen andre som er meldt sakna, seier operasjonsleiaren.

Den avdøde vart funnen langt utan for tidlegare søkte område, og lokalt politi frå Gloppen har vore på staden torsdag kveld.

Ifølgje politiet var det ingen funn på staden som gav grunn til å tru at den avdøydde hadde vorte utsett for noko kriminelt.

Den funne personen blir rutinemessig sendt vidare for rettsmedisinsk  obduksjon.

Operasjonsleiar Hope fortel at ei undersøking med eventuell stadfesting på at det er den sakna Per-Arne Hestenes som er funnen, vil bli gjort i morgon.

Pårørande er varsla om funnet og informasjonen blir gitt i samråd med pårørande.

Uklart når obduksjonen er klar

– Obduksjonen skal skje i dag. Når rapporten er klar, veit vi ikkje, seier operasjonsleiar Inge Værøy til Firda fredag morgon.

Han fortel at fram til det kjem ein rapport frå obduksjonen, vil det ikkje bli jobba meir med denne saka.

Artikkeltags