Gloppen hotell betre enn Oslo by og Hurtigruten i prisutdeling

TOK SØLV: Hotellsjef Preben Moen gjekk på scena på Wallmans i Oslo og tok imot sølvdiplomet for Folkets reiselivspris.

TOK SØLV: Hotellsjef Preben Moen gjekk på scena på Wallmans i Oslo og tok imot sølvdiplomet for Folkets reiselivspris. Foto:

GLOPPEN/OSLO: Hotellet på Sandane fekk sølv under Grand Travel Awards i Oslo.

DEL

– Eg fekk ein telefon om at eg måtte vere i Oslo på middagen til prisutdelinga. Det var fullbooka og 180 på venteliste, men det var fiksa plass til meg. Då skjønte eg at noko var på gang.

Det seier hotellsjef Preben Moen.

– Vår gjævaste pris hittil

Grand Travel Awards er ei årleg prisutdeling til reiselivsbransjen på lokalet Wallmans i Oslo.

Det blir delt ut prisar som årets hotellkjede, charterarrangør eller cruiserederi. Arrangementet kallar seg sjølv reiselivsbransjens Oscarutdeling.

Folkets reiselivspris skil seg ut fordi det er røyster frå folket som avgjer kven som vinn. Flyselskapet Norwegian stakk av med sigeren her. På andreplass kom Gloppen Hotell. På tredjeplass kom Fuglekikking i Varanger.

– Dette er vår gjævaste pris hittil. Det er utruleg artig. Vi har fått mange prisar, men i meir nøkterne settingar enn dette. Å stå ved sida av Bjørn Kjos, Petter Stordal og dei gutane, det er stort for vesle Gloppen hotell, seier Moen.

Trufaste gjestar

Aktørar som Hurtigruten, Loen Skylift og Oslo by var også nominerte til reiselivsprisen. Moen trur Gloppen hotell har nytt godt av ein trufast heiagjeng.

– Om Nordfjord blir nominert, har ein heile nordfjord bak seg. Det blir ikkje den same eigarskapskjensla til Oslo by. Det kan faktisk vere ein fordel å vere liten, seier Moen.

Les også:

Lærlingane på Gloppen hotell dominerte pallen i kokkekonkurranse

Artikkeltags