No skal Odd-Bjørn Hjelmeset konkurrere på ny

Pyeongchang , Sør-Korea 20180223.
Sportssjef Odd Bjørn Hjelmeset på skiskytterstafetten i Alpensia Biathlon Centre under vinter-OL i Pyeongchang.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Pyeongchang , Sør-Korea 20180223. Sportssjef Odd Bjørn Hjelmeset på skiskytterstafetten i Alpensia Biathlon Centre under vinter-OL i Pyeongchang. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

Han er ein av ti deltakarar i kommande sesong av «Mesternes mester».

DEL

– Eg kan ikkje hugse at vi har samla vinnarar av så enormt mange NM-, OL, EM- og VM-medaljar og andre gjeve trofear på eitt brett nokon gong, seier programleiar Dag Erik Pedersen i ei pressemelding.

Nordfjording skal kjempe om pokal

Ein av medaljegrossistane som skal kjempe om mesterens mester-pokalen i årets sesong er langrennsveteran Odd-Bjørn Hjelmeset (47), som er oppvaksen i Vereide i Gloppen. Han har vunne fem VM-gull. Han har også OL-sølv frå Vancouver, i tillegg til OL-bronse frå 5-mila i 2002 i Salt Lake City.

Hjelmeset blei tildelt Holmenkollmedaljen i 2007, og han har dessutan fleire medaljar i friidrett og motbakkeløp.

Første gong i Kroatia

«Mesternes mester» har blitt spelt inn på ulike stadar kvar sesong. No er turen for første gong komen til Kroatia. Innspelinga vil føregå i provinsen Dalmatia ved Adriaterhavet, i området rundt kystbyen Zadar.

Tidlegare sesongar av «Mesternes mester» har blitt spelt inn i Spania, på Malta, Kypros, i Ungarn, Italia, på Sicilia, i Monaco, Hellas Portugal og sist sesong igjen på Mallorca.

Dette er motstandarane

I 11. sesong skal ni andre pensjonerte utøvarar i ulike idrettsgreiner kjempe mot Hjelmeset om tittelen «Mesternes mester»:

  • Ingvill Måkestad Bovim (38), friidrett
  • Kjersti Buaas (37), snowboard
  • Madeleine Enersen Hellerød (24), dans
  • Kari Mette Johansen (40), håndball
  • Eirik Verås Larsen (43), kajakk
  • Magnus Moan (35), kombinert
  • Vidar Riseth (47), fotball
  • Emil Hegle Svendsen (34), skiskyting
  • Margaret Knutsson Aase (31), jiu-jitsu

Førre sesong blei sett av over 1,3 millionar sjåarar i snitt per episode.

Artikkeltags