Gå til sidens hovedinnhold

Hanne fekk avskjedsklem av dronninga: – Kan ikkje vaske meg på mange år

Artikkelen er over 3 år gammel

GLOPPEN: - No kan eg ikkje vaske ansiktet på fleire år, strålte Hanne Hjartholm, elevrådsleiar ved Firda vidaregåande skule.

2.-klassingen var saman med rektor Hallgeir Hansen vertskap for Dronning Sonja då ho kom på besøk til Firda tysdag for å dele ut sin eigen pris, Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering 2017. Og dronninga kvitterte med ein varm og nær klem før ho sette seg i bilen etter vel tre timars omvising på skulen.

– Betre enn eg vågde håpe på

– Dette gjekk langt betre enn eg vågde å håpe på, og det var veldig stas å vere vertskap for dronninga. Ho er ei fantastisk dame, som verkeleg bryr seg om elevane, og gav seg tid til å snakke med alle, seier elevrådsleiar Hanne Hjartholm som har vakse opp i Gulen og er inne i sitt andre år på Firda vgs.

Og ho innrømmer glatt at det vart mindre søvn natt til tysdag enn det kroppen hadde behov for.

– Men det betyr ingen ting, det kan eg ta att, seier Hjartholm som følgde dronninga tett under opphaldet.

Dronning Sonja: – Ein eventyrdag

Og dronninga la heller ikkje skjul på at dette var ein stor dag for henne, og at ho vart styrkt i trua på at det var rett å gje prisen til den vidaregåande skule på Sandane.

– Det har vore ein fantastisk dag. Ein eventyrdag, og tenk om alle skuledagar hadde vore slik, strålte ho.

I løpet av vel tre timar fekk dronninga møte elevar og lærarar i deira skulekvardag. I Newtonrommet fekk ho innføring i realfag slik dei yngste får lære det. Deretter fekk ho vere med på ein øvingstime med elvar på musikklinja før turen gjekk til det tilbodet som gjorde sterkast inntrykk; møtet og dialogen med innvandrarar som går på helsefagutdanninga utvikla i eit samarbeid mellom Firda, Gloppen kommune og NAV.

– Vi er heldige

– Vi er veldig heldige som får denne utdanninga, sa tobarnsmor Luchom Ogbazgi Teklezghi frå Syria.

Ho er no busett i Stryn og ein av dei som får dette tilbodet. Elevane gjorde spesielt inntrykk på dronninga.

– Møtet med desse nye landsmennene som smiler og er glade for å lære eit yrke, og som berre formidlar alt dei opplever som hyggeleg og viktig for trivselen. Eg håpar at andre skular tek opp det same, sa dronninga.

Samstundes understreka ho at det som gjer skulen heilt spesiell er heilskapen og samspelet.

– Her er mange flotte elevar, og eg opplever gleda dei strålar ut, og den tilliten dei har til leiinga og den tilliten dei blir møtt med frå den same leiinga.
Dett er ein skule der alle tek vare på kvarandre, og eg er stolt og glad over at nettopp Firda fekk prisen, seier Dronning Sonja.

Rørt rektor

Og rektor Hallgeir Hansen var nesten rørt over all rosen både frå dronninga, frå undervisningsminister Torbjørn Røe Isaksen og Inga Bostad, leiar i juryen som gav prisen til Firda vgs.

– Det har vore ei fantastisk oppleving, og det er viktig for oss at dronninga er med oss midt i kvardagen. For oss er det viktig å sjå heile eleven. Her skal elevane ha det trygt. Det handlar om det vennlege smilet. Det handlar om at du er god nok som du er, at du blir sett og utfordra. Det handlar å ha rom for kvarandre, og ha rom for at vi er ulike. Det handlar også om å støtte kvarandre når dagane er vanskeleg og å glede seg i lag når vi har opplevd noko godt, sa rektor Hallgeir Hansen i si takketale etter å ha fått overrekt prisen som er diplom, eit kunstverk signert dronninga og 250.000 kroner.

Bildeserie

Sjå bilda frå då Dronning Sonja besøkte Sandane

 

Kommentarer til denne saken