No kan du låne elsykkel heilt gratis

LÅNER UT SYKLAR: No kan du låne gratis elsykkel i Gloppen kommune, noko ordførar Leidulf Gloppestad trur vil bli svært populært.

LÅNER UT SYKLAR: No kan du låne gratis elsykkel i Gloppen kommune, noko ordførar Leidulf Gloppestad trur vil bli svært populært. Foto:

– Vi har fått veldig god respons, seier ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad.

DEL

Totalt står det no ti elsyklar til utlån ved Heradsplassen på Sandane. Nokre av syklane har tilhengar og andre har korger som born kan sitte oppi.

– Folk synest det er veldig kjekt at dei kan få låne syklane, seier ordføraren til Firda.

Kommunen ønskjer å inspirere til miljøvenleg transport, skriv dei på heimesida si. Syklane kan ein få låne ei veke i slengen.

Kan låne gratis

– Det er jo veldig populært med slike syklar, men dei kostar ein del og det er ikkje sikkert alle har råd og moglegheit til å kjøpe dei. Difor har vi kjøpt inn desse til gratis utlån, seier Gloppestad.

Dermed kan dei som vurderer å kjøpe elsykkel først teste det gratis.

– Eller så kan ein berre låne syklane av og til. Vi legg ingen avgrensingar på korleis dei blir brukt, så folk kan også låne dei til Breim og Hyen utan problem.

– Greit å sykle til jobb utan å bli dyvåt

Kommunen søkte om klimamidlar og fekk om lag 100.000 kroner. Dermed er det ikkje den store slanten kommunen sjølv har måtte spytte inn.

Utlånsordninga blir i stor grad tillitsbasert, forklarar ordføraren. Folk må vise fram legimitasjon, men så er det altså fritt fram for å få låne.

Ordføraren har testa elsykling litt sjølv:

– Det er ein heilt annan idrett å sykle med elsykkel. For dei av oss som sveittar fort, så er det jo greitt å kunne sykle raskt fram til jobb utan å bli dyvåt.

Artikkeltags