Denne brua på E39 sig, og må skiftast

SIG: Denne brua sig og må skiftast. E39 blir stengd natt til tysdag.

SIG: Denne brua sig og må skiftast. E39 blir stengd natt til tysdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Brua på E39 på Sagfloten mellom Reed og Sandane fekk store skadar under flaumen, og må skiftast.

DEL

Onsdag opplyste vegvesenet at E39 skulle stenge natt til tysdag neste veke, men torsdag kunne dei melde at det skjer allereie natt til laurdag 5.august.

Les også: E39 stengt natt til laurdag – skal sette inn ny bru

– Omfattande skadar

– Det er omfattande skadar på fundamenta under brua. Dermed må heile brua skiftast, og vi må montere ei mellombels bru som ei løysing medan arbeidet med ny bru held på, seier prosjektleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen.

Delar av vegbana har sige, og er innsnevra på strekninga der fartsgrensa er senka frå 80 km/t til 50.

Uklart når arbeidet er ferdig

Og det er enno uklart kor lang tid det tek å få på plass ny bru.

– Men det er ein omfattande jobb, men når den mellombelse brua er ferdig vil ikkje bilistane merke nemneverdig til at det blir jobba med ny bru under den som ligg mellombels, seier Karlsen.

Prislappen er førebels ukjend.

E39 fekk også omfattande skadar i Gullkista nokre få kilometer nærmare Sandane. Også her har flaumen medført store skadar. Vegbana er no reparert og entreprenøren var onsdag i gang med å rydde elveløpet ovanfor E39.

Artikkeltags