Fv 615 opnar i kveld. Vegvesenet håpar å få på plass bru til Ommedal i morgon

DEL

Fv 615 Åreneset bru ved Brødrene Aa AS i Hyen, strekningen Storebru – Sandane blir opna for fri ferdsel kl. 22.00 i kveld, melder Statens vegvesen.

– Vi håpar å få på plass brua i løpet av morgondagen, slik at vi kan opne vegen til Ommedal og Gjengedal, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Tverrelva bru på fv. 691 blei graven heilt vekk av flaumvatnet og vegen har fått store skadar lenger oppe i dalen.

– Dei som bur i Ommedal og Gjengedal kjem seg ikkje ut med bilane. Men elva er så lita no at det er mogleg å gå over for dei som har behov for det.

Han anslår at det er om lag 100 personar som bur i Ommedal og Gjengedal.

– Vi bygger ei god bruløysning som kan stå ei god stund, fram til vi eventuelt bygger ei ny bru på eit seinare tidspunkt.

I morgon kan vegen mellom Skarpsvoratunnelen og Åreneset bli stengt inntil éin time mellom kl. 07.00 – 16.00 på grunn av oppryddingsarbeid.

– Vi håpar på plass brua i morgon, slik at vi kan opna.

Artikkeltags