Fleire grender i Hyen isolerte og utan mobildekning

BRUA: Brua langs fylkesveg 691 tatt av flaum.

BRUA: Brua langs fylkesveg 691 tatt av flaum. Foto:

Mellom 90 og 100 personar er isolerte. Det er ikkje meldt om personskadar. Både fv. 691 og fv. 615 i Hyen er stengde.

DEL

Ei bru langs fv. 691 blei tatt av elva og. No er bygdene Ommedalen, Gjengedalen, Mjeldheim og Rønnekleiv isolerte.

– Det er ikkje meldt om personskadar. Vi har ikkje oversikt om det er materielle skader i desse grendene, seier Magni Aa Berge, fungerande ordførar i Gloppen.

Mobilnettet er nede

Innbyggarane i Ommedalen, Gjengedalen, Mjeldheim og Rønnekleiv er også utan mobilnett.

– Vi har kommunisert med enkeltpersonar via jaktradio og vi har kontroll på at det ikkje er personskadar.

Statens vegvesen jobbar med å finne ei løysing for dei isolerte samfunna, og det er planar om å lage ei midlertidig bru.

– Heimehjelpa har også hatt kontakt med sine pasientar i desse områda og dei har kontroll på situasjonen.

Jobbar med det mobilnettet

Berge seier kommunen no jobbar for å gjennopprette mobilnettet slik at dei kan kommunisere med innbyggarane som no er isolerte.

– Vi har kontakt med enkeltpersonar, men det er viktig at vi får kommunikasjonen på plass slik at vi får eit betre heilskapsbilde av situasjonen der.

Berge er varaordførar i Gloppen og sidan ordføraren er på ferie er ho fungerande ordførar.

– Ein har ikkje kontroll på vêret, men det kom utruleg fort dette. Det var fint vêr, så skjedde dette så fort. Det viktigaste er at det ikkje har vore personskadar, det er vi glade for.

Artikkeltags