Tiltalt for å ha øydelagt 2000 år gammalt kulturminne

TILTALT: Bjarne Hole må møte i retten, tiltalt for å ha øydelagt eit nær 2000 år gammal kulturminne. Her i gravsjakta etter arkelogane sine registreringar.

TILTALT: Bjarne Hole må møte i retten, tiltalt for å ha øydelagt eit nær 2000 år gammal kulturminne. Her i gravsjakta etter arkelogane sine registreringar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

GLOPPEN: Eigaren av Hole Traktor og Maskin på Byrkjelo, Bjarne Hole, må møte i retten tiltalt for å ha øydelagt eit nær 2000 år gammalt kulturminne.

DEL

Hole er tiltalt for at han to gonger i 2015 sette i gang graving i automatisk freda busetningsområde. Då grov han ei fire-fem meter brei sjakt inn i det freda kulturminnet, noko som gjorde at kulturminnet vart delvis øydelagt, ifølge tiltalebeslutninga.

Strafferamme: Eitt år fengsel

Ifølge NRK Sogn og Fjordane , som omtalte tiltalen først, er strafferamma eitt år fengsel. Men ei slik sak har ikkje vore prøvd i retten før, og det er uvisst kva straffenivå retten kan lande på, viss Hole blir dømd.

Alt i 2012 søkte Hole om å omdisponere ti dekar av jordbruksarealet han eig til næringsføremål . Dette mellom anna for å kunne utvide og ruste opp traktorverkstaden han eig og driv på Hole like ovanfor Byrkjelo. Han fekk beskjed om at området kunne innehalde automatisk freda kulturminne, og det vart gjennomført registrering av arkeologar.

UTAN LØYVE: Bjarne Hole starta byggearbeidet utan å ha byggeløyve og har fått lovbrotsgebyr på 15.000 kroner frå kommunen.

UTAN LØYVE: Bjarne Hole starta byggearbeidet utan å ha byggeløyve og har fått lovbrotsgebyr på 15.000 kroner frå kommunen. Foto:

POLITISK STØTTE: Bjarne Hole hadde sterk politisk støtte i kampen mot å betale rekninga for arkelogiske utgravingar. Bildet er frå  januar 2013 då stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og dåverande lokallagsleiar i Gloppen Høgre, Sjur Atle Austrheim, var på besøk. Også Erna Solberg har vore på synfaring.

POLITISK STØTTE: Bjarne Hole hadde sterk politisk støtte i kampen mot å betale rekninga for arkelogiske utgravingar. Bildet er frå januar 2013 då stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og dåverande lokallagsleiar i Gloppen Høgre, Sjur Atle Austrheim, var på besøk. Også Erna Solberg har vore på synfaring. Foto:

Utgravingar til ein million kroner

Dei fann spor etter ein nær 2000 år gammal busetnad og busetnad frå eldre mellomalder, funn som måtte dokumenterast gjennom utgravingar før området kunne frigjevast. Prislappen for slike utgravingar var i overkant av ein million kroner, eit beløp Hole ikkje ville betale.

Støtte frå Erna Solberg

Han fekk sterkt støtte for dette frå Gloppen Høgre, og både stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og dåverande Høgre-leiar Erna Solberg var på synfaring og varsla politisk støtte for hans krav om å sleppe å ta kostnaden. Kravet står framleis.

I juni 2014 søkte Hole kommunen om byggeløyve på utviding av traktorverkstaden. 11. september fekk han meldig om at byggeløyve først kan gjevast etter at dei arkeologiske utgravingane var gjennomført. Men Hole gav seg ikkje tid til å venta, og byggearbeida vart sett i gang. Kort tid etter vart dette oppdaga.

Fylkeskulturkontoret: – Dette er berre trist

– Dette er berre trist, sa seniorrådgjevar Berit Gjerland etter å ha vore på synfaring i området. Ho frykta at kulturminnet kunne vere skadd, og vedtok byggestopp, ein byggestopp som vart oppheva i desember.

Sidan har det vore stillstand på tomta, men i november 2015 vedtok teknisk sjef i Gloppen kommune, Kjell Petter Solhaug at Hole må betale 30.000 kroner i lovbrotsgebyr for det han meiner er ulovleg bygging. Hole klaga vedtaket til Fylkesmannen, som halverte bota, til 15.000 kroner.

No må Hole møte i retten tiltalt for å ha øydelagt delar av eit fornminne. Rettssaka er beramma til to dagar i slutten av april.

Korkje Hole eller hans advokat Edmund Bolstad vil kommentere saka overfor NRK, og Hole har konsekvent nekta å uttale seg til Firda etter at konflikten med fylkeskulturkontoret toppa seg i 2014.

Artikkeltags