Gloppen går vidare åleine

DELT: Åtte røysta for at Gloppen skal gå saman med Eid. Dein 19 som sit sa ja til at Gloppen held fram som eigen kommune.

DELT: Åtte røysta for at Gloppen skal gå saman med Eid. Dein 19 som sit sa ja til at Gloppen held fram som eigen kommune. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Mot åtte røyster sa kommunestyret fredag ja til at Gloppen går vidare som eigen kommune.

DEL

Men eit nær samstemt kommunestyre sa også at ei samanslåing med Eid kan bli teke opp på nytt den dagen det ligg føre forpliktande vedtak om bygging og finansiering av bru Anda–Lote. Berre Samfunnsdemokratane og Miljøpartiet Dei Grøne røysta mot.

Dette vart klart etter ein nær halvannan time lang debatt i kommunestyret fredag føremiddag. Og som venta vart kommunestyret delt i avrøystinga. Høgre sine to representantar røysta for at Gloppen slår seg saman med Eid, det same gjorde Venstre sin einslege representant. Fem av dei sju i KrF-gruppa sa ja til å gå saman med Eid.

Les også: Følgjer ikkje rådet frå folkerøystinga, Fekk knipe nei i fleisen

Dei resterande 19 representantane røysta for at Gloppen held fram som eigen kommune, i alle fall inntil brua er ein realitet.

Folkerøystinga 30. mai viste at 50,82 prosent av dei som røysta, sa ja til at Gloppen held fram som sjølvstendig kommune, 47,16 sa nei medan 2,03 prosent leverte blank røystesetel.

Artikkeltags