Forskingmidlar til Brødrene Aa

STØTTE: Tor Øyvin Aa gler seg over tilskot frå Forskingsrådet. Her om bord i eitt nybbygg frå verftet i Hyen.

STØTTE: Tor Øyvin Aa gler seg over tilskot frå Forskingsrådet. Her om bord i eitt nybbygg frå verftet i Hyen.

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Brødrene Aa i Hyen er ei av 37 bedrifter som får støtte frå Forskingsrådet.

DEL

– Det er berre dei beste forskingsprosjekta som blir valt ut, og eg er sikker på at dette vil gje eit godt grunnlag for nye produkt og tenester, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Ei av 37 bedrifter

Totalt 406 millionar kroner skal fordelast på totalt 42 forskingsprosjekt i 37 norske bedrifter. Dagleg leiar ved Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa, visste fredag morgon ikkje kor stort tilskot dei får, men er glad for at Forskingsrådet seier ja til deira søknad.

– Samanføying av ulike komposittstruktuar er ein betydeleg del av timeforbruket når vi bygger ein båt. I dette prosjektet samarbeider vi med fleire aktørar, mellom andre SINTEF, og målet er å finne meir rasjonelle samanføyingsstrukturar. Det vil bidra til å forbetre produksjonsprosessen og dermed gjere oss meir konkurransedyktige, seier Aa.

Styrker konkurranseevna

I Hyen produserer dei hurtigbåtar i lett og sterkt komposittmateriale. I fjor sanka dei også både nasjonale og internasjonale prisar for karakteristiske «Seasight» som er designa og bygd i Hyen og går i turisttrafikk i indre Sogn. Båtane blir bygde ved hjelp av formstøypte strukturar for skrog, overbygg og innvendige strukturar som skott og dekk.

– Vi jobbar kontinuerleg for å forbetre desse prosessane, og søker difor samarbeidspartnarar samstundes som vi prøver å få støtte frå verkemiddelapparatet som Innovasjon Norge og Forskingsrådet som kan gje viktige bidrag på forskingsida. Av og til gjer vi dette åleine, av og til saman med underleverandørar, og som i dette tilfellet gjennom eit nært samarbeid med SINTEF sine fagmiljø i Trondheim og på Raufoss, seier Aa.

Dette konkrete prosjektet er no i oppstartingsfasen, og er planlagt å gå over to år, ifølge Tor Øyvin Aa.

– Stort behov

Pengane kjem frå Forskingsrådet største program for næringslivet, Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), og administrerande direktør Arvid Hallén understrekar at det framleis er behov for ei slik støtteordning:

– At 42 prosjekt får støtte viser at det framleis er stort behov, og at det er viktig for næringslivet å bruke forsking for å skape innovasjon. Dette er nødvendig for at vi skal hevde oss innan alle næringar som blir meir og meir kunnskapsbaserte, seier Hallén.

Artikkeltags