Sjefen må spare 230.000, men dei skal halde på biblioteka

MÅ KUTTE: Biblioteksjef  Torill Berge må redusere driftskostnadene med 230.000 kroner, men får ikkje legge ned korkje i Hyen eller på Byrkjelo.

MÅ KUTTE: Biblioteksjef Torill Berge må redusere driftskostnadene med 230.000 kroner, men får ikkje legge ned korkje i Hyen eller på Byrkjelo. Foto:

GLOPPEN: Biblioteket må kutte drifta med 230.000 kroner neste år. Men biblioteksjef Torill Berge får ikkje legge ned tilbodet i Hyen eller på Byrkjelo.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Det skal også i framtida vere bibliotek på Byrkjelo og i Hyen, sa eit samstemt formannskap i eitt av punkta til budsjett for 2017. Kuttbehovet kjem som ein konsekvens av at fylkeskommunen har redusert sitt tilskot til biblioteket med 230.000 kroner neste år.

I rådmannens budsjettframlegg ligg det inne kutt på 230.000 kroner, og biblioteksjef Torill Berge opplyser at nedlegging av filialen i Hyen frå hausten 2017 var eitt av hennar forslag til innsparing.

– Dårlegare bibliotektilbod
IKKJE NEDLEGGING: Magni Aa Berge og Sp fekk støtte for framlegget om ikkje å legge ned biblioteka på Byrkjelo og i Hyen. T.v.  ordførar Leidulf Gloppestad.

IKKJE NEDLEGGING: Magni Aa Berge og Sp fekk støtte for framlegget om ikkje å legge ned biblioteka på Byrkjelo og i Hyen. T.v. ordførar Leidulf Gloppestad. Foto:

Viss formannskapet si tilråding får fleirtal også i kommunestyret, må Berge rydde plass til bibliotekdrift i Hyen også i åra framover.

– Biblioteket er eitt av få kulturtilboda vi har ute i grendene, og det bør behaldast. Kinoen er vekke, og born som skal vere med på tilbod i kulturskulen må reise til Sandane. Kanskje er reduserte opningstider ei løysing, men vi ønsker ei formulering der det blir uttrykt at det skal vere bibliotek både på Byrkjelo og i Hyen, sa Magni Aa Berge (Sp), i budsjettdebatten i formannskapet. Ho er busett i Hyen.

Auka ikkje potten

Og eit samstemt formannskap oppfattar kuttet så dramatisk at dei vil sikre at det ikkje får konsekvensar for bibliotekstrukturen. Dermed må eventuelle kutt i bibliotektenesta hentast andre stader, og formannskapet auka ikkje potten til bibliotekdrift.

– Tilskotet blir borte frå 1. januar. Dermed har vi 230.000 kroner mindre å drifte biblioteket med, og utan at vi får tilført ekstra midlar må vi ta ned drifta, seier biblioteksjef ved Gloppen folkebibliotek, Torill Berge.

I rådmannens budsjettframlegg er det lagt inn eit kutt på 230.000 kroner dekt inn med færre tilsette på grunn av naturleg avgang og reduksjon i driftsutgifter som til dømes kjøp av bøker og andre media. Viss kommunestyret stadfester tilrådinga frå formannskapet med krav om å oppretthalde biblioteket i Hyen må biblioteksjefen finne andre kutt for å få ei drift i balanse.

– Skjer det må vi tenke nytt, men ein konsekvens er at det blir dårlegare tilbod over heile linja, seier Berge.

Vekst i 2015

Gloppen folkebiblioteket har sin hovudbase i Trivselshagen på Sandane. Avdelinga på Byrkjelo har ope totalt 12 timar fordelt på to dagar i løpet av veka. Opningstidene i Hyen er på 9,5 timar i veka, også der fordelt på to dagar.

I 2015 feirar Gloppen folkebibliotek 175-årsjubileum og hadde eit svært høgt aktivitetsnivå. Totalt vart det registrert 48.500 utlån av alle type media. Borna var då dei flittigaste brukarane med totalt 22.774 utlån, 1000 fleire enn i 2014. I snitt var det 8,4 utlån per innbyggar i Gloppen i 2013, ein auke på 0,2 samanlikna med 2014.

Berre små endringar
IKKJE FLEIRTAL: Svein Ottar Sandal og KrF fekk ikkje fleirtal for raskare oppstart med byggefeltet på Gloppestad.

IKKJE FLEIRTAL: Svein Ottar Sandal og KrF fekk ikkje fleirtal for raskare oppstart med byggefeltet på Gloppestad. Foto:

Formannskapet la si førebels siste hand på budsjett og økonomiplan måndag, og rådmannen sitt framlegg vart i all hovudsak tilrådd.

KrF ville forsere arbeidet med Gloppestadfeltet med eitt år og starte arbeidet i 2018. Men forslaget fekk berre partiets tre røyster. Fleirtalet valde i staden å krevje at rådmannen legg fam ei orientering på korleis kommunen kan organisere seg for å komme i møte ønsket om høgre tempo i bustadbygginga.

KrF fekk heller ikkje fleirtal for sitt framlegg om å løyve fem millionar til opprusting av Sandane skule alt i 2018 og ytterlegare 10 millionar året etter. Fleirtalet vil avvente skulebruksplanen som skal vere klar i løpet av første halvår 2017. Og eit samstemt formannskap ber om at rådmannen omdisponerer administrative ressursar slik at planen blir ferdig som planlagt.

Formannskapet ber også om oppstart i planarbeidet med vegen til Fjellbygda i 2017.

Artikkeltags