Legende-søner klar for countryfestivalen

GLOPPEN: Merle Haggard var ein av dei store på countryhimmelen. No er sønene Ben og Noel klare for countryfestivalen i Breim.

TIL BREIM: Brødrene Ben og Noel (t.v.) Haggard er klare får neste års countryfestival på Breim.

TIL BREIM: Brødrene Ben og Noel (t.v.) Haggard er klare får neste års countryfestival på Breim. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Og brødreduoen har med seg farens originalband til Breim midt i juli neste år. Samstundes er det klart at norske Staut kjem er klar for neste års festival på Fjordhestgarden. Det same er amerikanske Sam Outlaw.

TIL BREIM: Populære Staut er klae for countryscena på Fjordhestgarden.

TIL BREIM: Populære Staut er klae for countryscena på Fjordhestgarden. (Foto: )

TIL BREIM: Sam Outlaw har hatt ein sterk debut i USA. No kjem han til Breim

TIL BREIM: Sam Outlaw har hatt ein sterk debut i USA. No kjem han til Breim (Foto: )

– Vi er stolte

– Vi er stolte over å presentere eit norsk superband og tre amerikanske kvalitetsartistar til neste års countrytreff, skriv Freddy Sårheim Brakestad i ei pressemelding frå Norsk Countrytreff.

– Sidan Merle Haggard sin død i april i år, har Ben og broren Noel stått fjellstøtt for å vidareføre arven etter faren sin, mellom anna i samspel med Kris Kristoffeson og Willie Nelson, heiter det i pressemeldinga.

Sterk debut

33 år gamle Sam Outlaw har kanskje hatt den beste debuten ei ny og kommande countrystjerne kan ønske seg. I 2015 kåra The Guardian hans debutalbum, «Angeleno» til det 7. beste albumet gitt ut det året, og i 2016 kåra The Telegraph albumet ti det beste for 2016. her konkurrerte han med mellom andre ruvande Willie Nelson og Kacey Musgraves og Bonni Riatt, går det fram av pressemeldinga.

Sterkt liveband

Staut er eitt av dei mest populære banda i Norge, og omtaler seg sjølv som eit av landets beste liveband. 2015 var bandets store år, og dei kunne ta med seg mellom anna Gullplate og opptreden i Senkveld med Thomas og Harald.

Neste års festival går av stabelen 12.–16. juli. Den er den 23. i rekka og i fjor besøkte i overkant av 13.000 festivalen som har Fjordhestgarden som hovudbase, men som også har arrangement fleire stader i Gloppen.

Artikkeltags