Gloppen er landets beste musikkommune

SAMSPEL: Samspelet mellom profesjonelle aktørar og lag og organisasjonar er ein viktig suksessfaktor, og bidreg til at Gloppen er kåra til årets beste musikkommune i Norge. Eit døme på samspelet er Breimskoret leia av dirigent Solfrid Bjørkum.

SAMSPEL: Samspelet mellom profesjonelle aktørar og lag og organisasjonar er ein viktig suksessfaktor, og bidreg til at Gloppen er kåra til årets beste musikkommune i Norge. Eit døme på samspelet er Breimskoret leia av dirigent Solfrid Bjørkum. Foto:

GLOPPEN: For få minutt sidan vart det kunngjort: Gloppen er kåra til årets musikkommune i Norge i 2017!

DEL

– Det er kjempeflott og ei ære. Eg er takknemleg for å kunne ha ein jobb knytt til musikklivet i kommunen, seier Solfrid Bjørkum, kanskje best kjend som dirigent for eit av dei store musikalske flaggskipa i Gloppen, Breimskoret. Men ho har også jobba profesjonelt som musikar i Gloppen sidan 1988, først som distriktsmusikar knytt til kulturskulen, seinare som lærar ved musikklinja ved Frida vgs., der ho i dag er fungerande avdelingsleiar ved musikklinja.

Samspel ein suksessfaktor

Og nettopp samspelet mellom profesjonelle musikarar ved Firda, kulturskulen og frivillige lag og organisasjonar blir trekt fram som ein suksessfaktor i juryens grunngjeving for prisen som vart delt ut under opninga av Gloppen musikkfest torsdag kveld.

– Min profesjon er musikar, og min indre motivasjon er å gjere andre betre både inn mot elevane og i arbeidet med Breimskoret, seier kvinna som har dirigert Breimskoret i over 20 år.

Samstundes er ho klar på at det skjer utruleg mykje i musikklivet i Gloppen, og ho trur prisen er eit resultat av den allsidige aktiviteten innan song og musikk. Og nettopp det kjem klart fram i juryens grunngjeving:

Juryen: – Eit godt døme

– Gloppen er eit godt døme på ein liten kommune som brukar ressursane sine godt. Det har ført til eit variert og aktivt musikkliv, med godt samarbeid mellom offentlege og frivillige, heiter det i juryens grunngjeving for å tildele prisen på 50.000 kroner til Gloppen kommune.

Juryen trekker også fram Gloppens mangfald av mellom anna kor og korps, og at kommunen er vertskap for Firda vidaregåande skule som har fylkesdekkande linje for musikk, dans og drama.

– Dette medfører også at kommune har fått til eit nettverkssamarbeid rundt kulturskulen mellom kommunen og fylkeskommune. Det gjer at dei kan tilsette profesjonelle musikarar med høg fagleg kompetanse som yter tenester både for skulen og kulturskulen, musikarar som også medverkar i konsertar og prosjekt og frivillige lag og organisasjonar, skriv juryen i si grunngjeving.

Stolt og takknemleg ordførar

Dei trekker også fram at frivillige lag og organisasjonar har redusert leige i Trivselshagen, og at rundt 50 av totalt 85 framsyningar i Kultursalen i Trivselshagen var lokale produksjonar.

– Dette er utruleg kjekt, og eit resultat av at det er gjort mykje arbeid av veldig mange over lang tid, og denne prisen føyer seg inn i ei rekke prisar som plasserer Gloppen som kulturkommune, seier ordførar Leidulf Gloppestad.

– Eg er veldig takknemleg for å vere ordførar i ein kommune der kultur og frivillig arbeid står så sterkt. Folk stiller villig opp og gjer ein vanvitig jobb anten det handlar om idrettsaktivitet eller gje kulturelle opplevingar, seier Gloppestad.

Han rosar også tilsette i kulturskulen, distriktsmusikarane og Firda vidaregåande skule for jobben dei gjer både der og inn mot frivillige lag og organisasjonar.

– Det er ikkje sjølvsagt at det skjer berre fordi miljøa er her. Det må vere ei samordning der dei sjølve har interesse av at det skjer, og dei legg ned langt større innsats enn det ein kan vente. For oss politikarar er det viktig at vi passar på våre prioriteringa og ikkje gjer grep som drep det frivillige engasjementet, seier Gloppestad.

Artikkeltags