Foreslår å stenge biblioteket i Trivselshagen to gonger i veka

KUTTFORSLAG: Senterpartiet i Gloppen kjem med forslag om å stenge biblioteket i Trivselshagen opptil to dagar i veka for å spare pengar.

KUTTFORSLAG: Senterpartiet i Gloppen kjem med forslag om å stenge biblioteket i Trivselshagen opptil to dagar i veka for å spare pengar. Foto:

DEL

Gloppen Senterparti kjem med forslag om å stenge biblioteket i Trivselshagen ein–to gonger i veka for å spare pengar.

Kent Øystein Hjelle ber på vegner av partiet rådmannen om å legge fram sak med potensiell innsparing og ei fagleg vurdering for ei slik stenging.

– Dette sjølvsagt med bakgrunn i den økonomiske situasjonen kommunen er i, skriv Hjelle til rådmannen.

– For at både biblioteket skal bli behandla på ein forsvarleg måte og for at vi politikarar skal få tid til å reflektere over tala og saka og ikkje gjere eventuelle kutt her over bordet i kommunestyret, håpar eg rådmannen klarer å gjere dette i god tid før budsjettmøtet 19. desember.

Hjelle skriv avslutningsvis at når rådmannen har saka klar, bør den distribuerast til heile kommunestyret.

Artikkeltags