Ingen breibandpris til Gloppen

UTE: Fiberutbygginga i Kandalen var blant 49 nominerte, men fekk ikkje plass i finalen.

UTE: Fiberutbygginga i Kandalen var blant 49 nominerte, men fekk ikkje plass i finalen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Gloppen har innkassert ei rekke prisar det siste året, men internasjonal breibandpris blir det ikkje.

DEL

Dette er klart etter at juryen i European Broadband Awards har plukka ut dei 15 finalistane som ligg i potten når vinnaren skal kårast under Breibanddagen i Brussel 20. november.

Gloppen var ein av 49 nominerte, og den einaste representanten frå Norge. Måndag vart det 15 finalistane klare, og Gloppen var ikkje blant desse.

Det er fylkeskommunen som har spelt inn fiberutbygginga i Kandal i Breim som kandidat til den internasjonale prisen. Dei kom gjennom første nålauge, men i neste runde var det slutt.

-- Det ser ut til at vi ikkje kom lenger enn dette, men det var forsøket verdt. No ligg prosjekt inne i «good practice database», og er såleis einaste norske prosjekt som er representert der, skriv rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen, Egil Henning Ytrøy, i ein e-post til Gloppen kommune.

Artikkeltags