Gut (4) biten i hovudet av hund

Ein fire år gammal gut skal ha blitt biten i hovud og overkroppen av ein hund på ein gard i Gloppen.

DEL

Det skriv Bergens Tidende.

– Guten besøkte ein gard i Gloppen med familien. Der oppstod det ein situasjon der ein hund beit han i overkroppen og hovudet. Hunden hadde tilknyting til garden, seier politioverbetjent Askel Rødland til BT.

Hendinga skal ha skjedd tysdag og politiet etterforskar saka.

Guten skal ha blitt behandla for kuttskader på lokal legevakt, deretter på sjukehus.

Saka blir oppdatert.

Artikkeltags