Nei til utbygging av kraftverk i Gloppen

Av
DEL

Olje- og energidepartementet har avslått søknaden frå Breim Kraft AS om å byggje ut Breim kraftverk i Breimselva i Gloppen. Det er mellom anna av omsyn til storauren.

– Regjeringa ønskjer at vi skal utnytte dei fornybare energiressursane våre. Samtidig må vi ta vare på verdifullt biologisk mangfald. I denne saka har vi avgjort at omsynet til det siste må vege tyngst, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Det er lagt vekt på at Breimselva utgjer eit økologisk funksjonsområde for delar av storaurestammen i Breimsvatnet, og at ei utbygging av kraftverket vil kunne påverke stammen negativt.

Breimsvatnet er ein av 55 storaurelokalitetar i Norge, og ein av fem lokalitetar i Sogn og Fjordane. I den samanheng har departementet tatt omsyn til at ei utbygging av Breimselva vil svekke vasskvaliteten i elva ytterlegare og at ferskvassbiologien vil bli negativt råka. Det er også lagt vekt på at utbygginga vil vere negativ for landskapet i området, og ha ulemper for friluftsliv og reiseliv.

Departementet har som NVE kome til at ulempene ved utbygginga er større enn fordelane.

Artikkeltags