Då kvinna spydde i bilen, ringte taxisjåføren politiet

– Vi ville ikkje vaske opp, seier politioverbetjent Gunnar Englund, som har ymse på loggen etter laurdagsnatta.

DEL

Ei kvinne på Sandane skulle ta taxi rundt midnatt laurdag kveld, då det gjekk gale. Ho spydde i drosjen, noko sjåføren var lite glad for. Han tok like så godt og kontakta politiet.

– Eg skjønner ikkje kvifor han ringde oss. Vi ville i alle fall ikkje vaske opp, seier Englund, og legg til:

–Men sjåføren fekk nok nokon trøystande ord, men noko politisak er det altså ikkje.

Frykta venninne var blitt dopa ned

Men det var langt fleire fulle folk politiet kom bort i natt til søndag:

Ein mann i 20- åra i Førde sentrum var så full og hissig at politiet ville bure han inne for natta.

– Men så var han heldig, for han hadde nokre gode kameratar som tok hand om han, seier Englund, og legg til at mannen fekk munnleg pålegg om å halde seg unna sentrum resten av natta.

Nokre kvinner tok kontakt med politiet i sentrum av Førde natt til søndag.

– Dei hadde vore i lag med venninna si som plutseleg blei så veldig rusa. Dei frykta nokon hadde prøvd å dope henne ned.

Venninna i 30- åra blei henta av ambulanse. Saka blir ikkje følgt vidare av politiet.

Politiet måtte også på bana for å hjelpe ambulansen natt til søndag.


Hjortepåkøyrslar fleire stader

Det har vore ein del hjortepåkøyrsler den siste tida. Søndag morgon var det ein på Ragnarrud på veg ut mot Florø, samt ein i Naustdal. Viltnemnda har blitt kalla ut i begge sakene, fortel Gunnar Englund, og legg til at ingen av sjåførane er blitt skadde.









Artikkeltags