Tilrår at Kristian får kjøpe på Elvaneset

KJØPER: Kristian Aamund Petersen er dagleg leiar i KA-bygg på Sandane og styreleiar i selskapet som vil kjøpe bustadfeltet på Elvaneset.

KJØPER: Kristian Aamund Petersen er dagleg leiar i KA-bygg på Sandane og styreleiar i selskapet som vil kjøpe bustadfeltet på Elvaneset. Foto:

GLOPPEN: Kristian Aamund Petersen og hans selskap Fellesskapet Elvaneset får ta over bustadarealet kommunen eig på Elvaneset.

DEL

Dette blir ein realitet 2. januar viss formannskapet føl rådmannen si tilråding i sitt møte 13. desember. Petersen og broren Jesper Mellin Ganc-Petersen vil ta over arealet og bygge 14 bustader på det sentrumsnære bustadfeltet på Sandane.

Visningsbustad eller kontantoppgjer

Og rådmannen held fast på si tilråding om at kommunen får oppgjeret i form av ein visningsbustad med marknadsverdi på minimum fire millionar kroner. Og då formannskapet hadde saka til behandling sist kom det fram klar politisk skepsis til dette. Dei folkevalde ønsker aller helst eit kontantoppgjer.

Det gjer at rådmannen har gått i dialog med kjøpar, og no legg fram to ulike avtaleutkast, dei ein er nær identisk med det første. Men det omstridde punktet om at rusmisbrukarar og tunge psykisk sjuke ikkje kan bruke bustaden er teke ut. Det er også gitt opning for at husværet kan nyttast i samband med utprøving av velferdsteknologi. Der ligg også inne at bustaden kan brukast som visningsbustad i 18 månader frå overtaking 2. januar.

Avgjerd 18. desember
TUN: Slik tenker arkitektane og utbyggarane bustadfeltet på Elvaneset like ved Sandane sentrum kan utformast. Foto: Frank&Gwozden

TUN: Slik tenker arkitektane og utbyggarane bustadfeltet på Elvaneset like ved Sandane sentrum kan utformast. Foto: Frank&Gwozden Foto:

I det andre avtaleutkastet ligg eit kontantoppgjer som føresetnad for overtaking. Halvparten av kjøpesummen på fire millionar kroner skal betalast ved overtaking 2. januar, resten når alle tomtene er selde, men seinast 18 månader etter overtakinga.

Formannskapet skal behandle saka i sitt møte 13. desember, og kommunestyret skal ta endeleg avgjerd fem daga seinare.

Artikkeltags