Slik får du isen til å flamme opp

BRANN:Flammane står rett opp av isen. Ser du dette kan du dette på Bergheimsvatnet kan du rekne med at det er Vegar Sprheim som har vore på ferde.

BRANN:Flammane står rett opp av isen. Ser du dette kan du dette på Bergheimsvatnet kan du rekne med at det er Vegar Sprheim som har vore på ferde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: – Det gjeld å passe på å ikkje stå rett over holet når ein fyrer på, for då kan augebryna fare, seier Vegar Sårheim.

DEL

På Bergheimsvatnet i Gloppen kan du stundom sjå at det «brenn ut av isen». Då er sannsynet stort for at Vegar Sårheim har vore på ferde.

– Når det har blitt såpass med is at det er trygt å gå på vatnet, så tek vi med oss ein drill med eit litt langt bor på, eller hammar og ein lang spiker. Finn vi ei luftboble i isen, så lagar vi hol og set fyr på gassen, fortel Sårheim.

Fordelen med grunne vatn

    Slik ser det ut når det brenn frå isen på Bergheimsvatnet

    For Bergheimsvatnet byr på mykje moro på vinterstid når isen er klar.

    – Dette er eit vatn som er høvesvis grunt, og om våren og somrane så er det mykje humus som hamnar på botnen. Når dette fell til botnen, så rotnar det, og det dannar seg gass. Når vatnet frys til, så dannar det seg gasslommer i isen. Det er desse vi fyrer på, forklarer Sårheim om fenomenet som har gledd breimningar i lang tid.

    – Svigerfar dreiv også på med dette når dei var små, så dette er eit lokalt fenomen som vi er klar over og utnyttar når tilhøva ligg til rette, seier Sårheim, og legg til at dei som vil prøve dette andre stader sjølvsagt må passe på at isen er trygg før dei går ut på.

    Pass på augnebryna

    – Det vi prøver å unngå, er at det går med augnebryn. For det kan vere mykje trykk i gassen, og då er det veldig greitt å ha ein peisfyrar slik at ein får litt større avstand enn kva ein får med fyrstikker, seier Sårheim, og røper eit vesentleg triks for å få moroa til å vare lenger:

    – Det er om å gjere å lage eit lite hol, slik at ikkje all gassen tømmer seg på ein gong. Viss du treff dei skikkeleg store gasslommene, så kan det brenne i fleire minutt. Dei vi fann i dag var ikkje så kjempesvære, så dei brann kanskje mellom 30 sekund og eit minutt.

    Artikkeltags