Biblioteket mot straumen: Stor auke i utlån av bøker

BESØK: Ordførar i Gloppen, Leifulf Gloppestad på Byrkjelo bibliotek.

BESØK: Ordførar i Gloppen, Leifulf Gloppestad på Byrkjelo bibliotek. Foto:

KULTUR: Biblioteka i Gloppen hadde i fjor ein auke på 17,1 prosent i utlån til born og unge.

DEL

Både born og vaksne lånte fleire bøker i Gloppen kommune i fjor enn året før.

Det trass i at biblioteket i Hyen har vore stengt sidan 2017, og at biblioteket på Byrkjelo heldt stengt ein månad for opprusting og fornying.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Gloppen folkebibliotek.

Samla sett lånte folk i Gloppen 48 711 bøker i 2018. Totalt er auken i utlån til både born og vaksne på 8,5 prosent. Kring to tredjedelar av utlåna ved biblioteka er til born og unge.

Olaug Nilssen mest populær

I pressemeldinga kjem det fram at den mest utlånte boka for born er Steinvokteren av Kazu Kibuishi. Hjå vaksne var det Olaug Nilssen si Tung tids tale som slo best an i fjor.

Biblioteka i Gloppen hadde i 2018 fleire arrangement for folk i alle aldrar, og opplevde publikumsrekord då Gloppen musikkfest gjesta biblioteket med familieframsyninga «Oksen Ferdinand». Samla hadde biblioteka kring 58 516 besøkande i fjor.

Artikkeltags