Elevar frå Gloppen laga kunstverk av plast

FÅR HJELP: Elevar på 5.-7. trinn ved Hyen Skule lagar ein uer saman med kunstnar og pedagog Kari Prestgaard.

FÅR HJELP: Elevar på 5.-7. trinn ved Hyen Skule lagar ein uer saman med kunstnar og pedagog Kari Prestgaard. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Med søppel frå havet har elevar ved Hyen skule og Sandane skule laga kunstverk som skal visast og seljast på TV-auksjonen 21. oktober.

DEL

– Kirkens Bymisjon er stolt og takknemleg over å ta imot desse bilda. Det er flott at skuleelevar kan bidra på denne måten, seier auksjonsansvarleg for TV-aksjonen, Linn Mari Gihleengen, i ei pressemelding.

I 2017 byrja miljøkunstnarane Kari Prestegaard og Astor Andersen prosjektet «Verken fugl eller fisk – i eit hav av plast». Denne hausten er dei på turné for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, der nesten 1500 elevar skal lage kunst av plastsøppel.

– Blir stolte

– Elevane blir stolte når dei ser at arbeidet dei har gjort skal seljast på TV, seier Kari Prestgaard.

Elevar på 5.–7. trinn ved Hyen skule og Sandane skule i Gloppen har laga ein hettemåke og ein uer av plastsøppel frå havet. Søndag 21. oktober skal desse bilda visast og seljast på den direktesende TV-aksjonen.

– Auksjonsobjekta er to fotografiske print basert på midlertidige collagar. Etter vi har fotografert objekta, blir bilda demontert. Den same plastsøpla blir brukt kvar dag under turnéen, forklarar Astor Andersen.

Artikkeltags