– Kjenner smertene til den sakna

Funnet av det som etter alt sannsyn er Per-Arne Hestenes (35), vart gjort i nærleiken av området som klarsynte Michael Winger (til høgre) peika ut på førehand.

Funnet av det som etter alt sannsyn er Per-Arne Hestenes (35), vart gjort i nærleiken av området som klarsynte Michael Winger (til høgre) peika ut på førehand. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Eg kjenner smertene til den vi leitar etter. Dei blir sterkare di nærmare eg kjem.

Dette seier Michael Winger, det sjølverklærte klarsynte mediumet som styrte leitemannskapa til området der den sakna Per-Arne Hestenes (35) vart funnen torsdag ettermiddag.

Torsdag fann private leitegrupper ein omkommen person nær staden der Per-Arne Hestenes var involvert i ei bilulykke, før han deretter forsvann.

Politiet gjekk tidleg ut med at det etter alt sannsyn er Hestenes som er funnen, men at det vil bli verfisert først ved når obduksjonsrapporten er på plass.

Les også: Politiet: Alt tyder på at det er sakna 35-åring

Tredje funn sidan 2013

Det er det tredje likfunnet som er gjort sidan april i 2013, etter at Winger har gått inn i saker der det har vore leita etter sakna personar i lengre tid.

Her har han brukt sine evner og teikna kart over eit område der han meiner den døde ligg. Kort tid etter er det gjort funn i, eller like ved, området.

Wenger er busett på Eidsvoll og reiste på eige initiativ, og for eigen kostnad, til Breim for å finne 35-åringen.

Studerer bilde

– Eg startar alltid heime med å sjå på bildet av den sakna. Gjennom det ser eg den sakna gjennom det som opplevast som gamle minne, og får berre brotstykke. På den måten kan eg spotte naturen. Men den kan vere ganske lik andre stader, og eg bestemte meg for å reise oppover for å kjenne på retningar, seier Winger.

Sist laurdag tok han utgangspunkt i staden der bilen 35-åringen sat i køyrde av vegen i Øvresetkrysset på Fv 60 ovanfor Byrkjelo.

I bagasjerom med hette over hovudet

– Han hadde først gått i retning Reed, men tok opp til høgre og møtte ein traktorveg. Eg trur han har følgt den ganske lenge, seier Wenger.

Han har erfart at smertekjenslene minskar når han får høg puls. Difor vart han plassert i bagasjerommet på ein bil, med hette over hovudet og musikk på øyra.

– Under bilturen sa eg frå når smertene var sterkast, og dei eg samarbeidde med plotta det inn på eit kart, seier Wenger.

Leita sjølv søndag

Søndag gjekk han sjølv inn i det aktuelle området og håpte han skulle finne den omkomne sjølv.

– Eg trudde faktisk eg skulle klare det, og vart skuffa då eg ikkje lykkast, seier han

Søndag var han tilbake på Eidsvoll, teikna kartet og sende det til dei pårørande.

Torsdag ettermiddag vart 35-åringen funnen 200 meter utanfor sirkelen han hadde merka som funnområde.

– Det viktigaste er at han er funnen, og at eg truleg har vore til hjelp, seier mannen som livnærer seg som healer og coach.

– Du reiste til Breim på eige initiativ og tek alle kostnadene. Kvifor?

– Eg vil vise at eg kan løyse slike saker, og meiner det blir feil å ta betalt frå dei pårørande. Eg kan trass alt ikkje garantere nokon ting, seier han.

– Merkeleg, men funkar

For kort tid sidan etablerte han ei eiga foreining for å kunne finansiere slike oppdrag.

– Blir du møtt med skepsis?

– Eg blir aller mest møtt positivt både frå politi og privatpersonar. men det er også dei som er skeptiske. Og det kan eg forstå. Det er litt merkeleg, men det funkar, seier Winger.

Artikkeltags