Anbodsrot på møblar og interiør i Gloppen

GLOPPEN: Å få nye kontormøblar og interiør til Heradshuset har vore meir krøkkete enn kommunen først trudde.

DEL

Heradshuset i Gloppen skal forsynast med nye møblar og interiør, men vegen fram mot nye stolar og bord har ikkje gått uproblematisk.

Les også:  Opprusting kostar åtte millionar kroner og Bygger ny kommunestyresal

Kommunen vil bruke om lag 1,4 millionar på møblar til heile kommunehuset. 

Tapte konkurransen og klaga

Då anbodskonkurransen gjekk ut 30. november hadde fire leverandørar meldt seg, men det var Kontorspar Sandane som hadde det billigaste anbodet på nær 1,3 millionar og som etter ei samla vurdering stakk av med sigeren.

Møbelringen Sandane, Hellevang Kontorsystemer og EFG Hov+Dokka leverte også inn anbod, der Møbelringen var dyrast med 2 millionar.

Etter at vinnaren var kåra, kom klagene frå to av dei andre som leverte inn anbod.

Ifølge Kjell Petter Solhaug, teknisk sjef i kommunen, har kommunen teke klagene til følge.

– Vi fekk klage på val av leverandør og vi har no avvist tilbodet, seier Solhaug. 

Ny vurdering

Årsaka er at kommunen har oppdaga at det var ein del vesentlege avvik på produkta som kommunen bad om pris på.

– Dei tilbydde andre produkt enn vi hadde sagt vi skulle ha.

– Kvifor blei det ikkje oppdaga før?

– Det blei ikkje oppdaga i anbodsprosessen og gjekk nok litt under radaren.

Kommunen har trekt tilbake tildelinga og skal ta ei ny vurdering på dei tre andre som leverte inn anbod.

– Får dette noko konsekvensar for kommunen?

– Nei, vi har ikkje skrive noko kontrakt og møblane skal uansett ikkje på plass før månadsskiftet juni juli, så vi har god tid. 

Artikkeltags