Digre steinar midt i vegen. – Blir ikkje rydda no medan det er mørkt

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: To store steinar har rast og blokkerer fylkesveg 615.

DEL

Klokka 05.35 denne torsdagen fekk Statens vegvesen melding frå ein trafikkant om to digre steinar på fylkesveg 615 mellom Hope og Hyen i Gloppen kommune.

– Det var to veldig store steinar i vegen. Dei var ikkje mogleg å flytte, så det er behov for maskiner, seier trafikkoperatør Jan Marøy ved Statens vegvesen.

Entrepenør er på veg til staden.

– Men det er ingen som ryddar no medan det er mørkt, seier Marøy.

For berre eit døgn sidan skjedde dette i nærleiken:

Artikkeltags