Bil køyrde utfor skrent i Hyen - sjåfør blåste over 2 i promille

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Minimalt med personskade, men mykje tyder på rusa køyring.

DEL

Klokka 23.30 laurdag kveld melde politiet om ei trafikkulykke i ei 50-sone på Hyevegen. Ein bil med to passasjerar køyrde utfor ein fem meterhøg skrent og krasja i ein stein.

– Det blei nokre materielle skader på bilen, men frontruta var ikkje knust, seier operasjonsleiar Frode Kollveit ved Vest politidistrikt.

Dei passasjerane var menn i 30- og 50-åra frå utlandet. Dei skal ha køyrd rett fram i ein sving og hamna utfor ein skrent. Naudetatane rykte til staden.

– Føraren blåste over to i promille. Dei var litt kranglete, og det var litt usikkerheit rundt identifikasjon og bustad, så dei blei sett i varetekt, seier Kolltveit.

Per søndag morgon klokka 09 sit dei to mennene enno i varetekt. Dei har vore inne til blodprøve.

– Dei kjem til å bli snakka med på føremiddagen, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags