Elevar fortel om mykje festing på hyblar

PÅ FEST: Elevane vi har snakka med, fortel om eit utbreidd festmiljø på hyblane på Sandane. Bildet er ein illustrasjon.

PÅ FEST: Elevane vi har snakka med, fortel om eit utbreidd festmiljø på hyblane på Sandane. Bildet er ein illustrasjon. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

ALKOHOL: 80 prosent av elevane seier dei var under 18 år første gong dei drakk alkohol, og 40 prosent seier at dei drikk kvar månad.

DEL

Når ein startar på vidaregåande, opnar det seg eit nytt miljø for festing. Firda Ung har snakka med elevar ved Firda vidaregåande skule på Sandane, som fortel om utbreidde hybelfestar. Alle i saka er anonyme og har fått fiktive namn.

Vi har gjort ei uformell spørjeundersøking om alkoholbruk. 225 elevar ved skulen har svart på undersøkinga. 83 prosent seier dei har drukke alkohol. Berre fire prosent var 18 år eller eldre første gong dei drakk.

I fjor gjorde Firda Ung same type undersøking ved Hafstad vgs. og Mo og Øyrane vgs. i Førde. Også der svarte åtte av ti ungdommar at dei drakk før dei var 18 år.

– Tredjeklassingar kjøper

Når ein flyttar på hybel, har ein større fridom til å styre seg sjølv, og det er lett å skaffe alkohol. Det er mange som tilbyr drikke til mindreårige på fest, og viss du spør ein tredjeklassing om alkohol, kjøper han eller ho som oftast. Hybelmiljøet på Sandane er stort, og hyblane ligg sentralt plassert.

«Maria» (16) bur på hybel og er på fest kvar veke. Ho drikk alkohol i små mengder av og til.

– Foreldra mine veit at eg drikk litt, men det er ikkje noko vi snakkar om til vanleg. Dei vil meg det beste. Dei vil at eg skal ta kontakt med dei viss det skjer noko gale på ein fest, heller enn at eg blir redd og lar vere å ringe dei, seier ho.

Kan vere vanskeleg

Dette fann vi ut

Firda Ung har gjort ei uformell spørjeundersøking blant elevar ved Firda vgs. Skulen har 350 elevar. 225 elevar i alderen 15–19 år har svart på undersøkinga.

68 prosent av elevane som svarte, bur på hybel, medan 32 prosent bur heime hos foreldra.

84 prosent av elevane seier at dei har drukke alkohol, 16 prosent har ikkje.

«Vilde» (16) går andre år på vidaregåande. Ho synest drikkepresset i andre klasse er både óg. Det er vanskeleg å seie nei til alkohol når alle rundt deg sit med ein ølboks i handa.

Les også: Åtte av ti drikk før dei er 18 år

Vennegjengen hennar er ute ein til to gonger i veka, og alle drikk alkohol. Dei drikk alt frå cider og øl til sprit.

– Eg føler meg ulovleg når eg blir skikkeleg full, men å bryte lova er litt spennande. Eg veit om nokon få som har prøvd andre rusmiddel enn alkohol, slik som hasj. Eg dømmer ingen som prøver det, men eg seier nei.

På fest utan alkohol

«Lena» (16) drikk ikkje alkohol, og fortel at ho ikkje kjenner på drikkepress heller. I haust flytta ho frå foreldra heime til hybel på Sandane. Ho er gjerne på fest ein gong i veka.

– Det er litt masing på fest om ein vil smake alkohol, men det er ikkje noko press. Når vi leikar drikkeleikar, kan eg få lyst til å smake, men brus i koppen går heilt fint, seier Lena.

70 prosent av elevane som deltok i undersøkinga, seier dei aldri har følt press om å drikke, medan 30 prosent svarer at dei har følt drikkepress. I Førde-undersøkinga sa 25 prosent at dei hadde følt press.

Festar i lag

152 av elevane som svarte på undersøkinga, bur på hybel. 40 prosent av dei seier at dei drikk kvar månad, medan 14 prosent seier at dei drikk kvar veke. 13 prosent har aldri smakt alkohol.

Til samanlikning seier 28 prosent av dei som bur heime, at dei aldri har smakt alkohol. 38 prosent av dei som bur heime, seier dei drikk kvar månad. Også i undersøkinga i Førde sa 38 prosent av elevane at dei drikk kvar månad.

«Sara» (17) bur heime, og ho får lov å vere ute på fest og drikke, men har innetider.

– Når ein bur heime, er det ikkje greitt å vere ute til morgonkvisten. Men dei som bur heime og dei som bur på hybel, festar i lag på tvers av at vi har ulike reglar å forhalde oss til.

Rektor vil sjå på tiltak

Hallgeir Hansen, rektor ved Firda vgs., stiller seg undrande til funna i spørjeundersøkinga. Han fortel at skulen har eit tett samarbeid med politi og hybelvertar.

– Tilbakemeldingane er at det har vore ein roleg haust. Mi oppleving er at det er eit godt miljø blant elevane både i skuletida og på fritida. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå både elevar, foreldre og hybelvertar, seier Hansen.

Samtidig trur rektoren at mykje festing vil kunne gå ut over skulearbeidet. Han peikar på at skulen har tiltak som blant anna folkehelsegruppe, temadagar, open skule, rusførebyggande plan og skulemiljøutval for å skape eit godt skulemiljø.

– Vi vil i samarbeid med elevråd og skulemiljøutval sjå nærare på tala i undersøkinga og drøfte med elevane kva meir vi kan gjere for å sette temaet på dagsorden og saman med elevane vurdere om det eventuelt er behov for fleire tiltak.

Artikkeltags