Dei har landets nest beste kjøkken

KJØKKENSTABEN: F.v. Jean Daniel Tenud, Gunvor Sunde, Per Arne Bakke, Lill Gustafsson, Renate Ryssdal og Ksenia Bolstad.

KJØKKENSTABEN: F.v. Jean Daniel Tenud, Gunvor Sunde, Per Arne Bakke, Lill Gustafsson, Renate Ryssdal og Ksenia Bolstad. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Gloppen omsorgssenter er kåra til landets nest beste institusjonskjøkken.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Vi veldig glade for å få vere blant landets beste! Ei frå departementet sa at vi var i mathimmelen i forhold til veldig mange andre institusjonskjøkken.

Det seier Gunvor Sunde, som er kjøkkensjef ved sjukeheimen. Det er Landbruks- og matdepartementet og forbrukarrådet som står for kåringa der sjukeheimen på Sandane hamna på andreplass.

– Vi hadde aldri komme dit utan teamet vi er på kjøkkenet. Det er veldig dedikerte medarbeidarar. Eg vil takke samarbeidspartnarane, leverandørane, dei som jobbar nær pasienten og dei som køyrer ut mat, seier Sunde.

Kutt i stillingar, men ikkje i matkvaliteten

Ho fortel at dei har opplevd budsjettnedskjeringar og at fleire stillingar ved kjøkkenet har gått vekk. Likevel har det ikkje gått utover maten, meiner ho.

– Vi har klart å skjerme kvaliteten på maten frå nedskjeringane. Og vi har ikkje tatt ned kostnadane til vareinnkjøpa våre, seier ho.

Kjøkkenet leverer ikkje berre mat til dei på omsorgsheimen, men også til heimebuande. Sunde seier at dei leverer med ein «kok-server»-filosofi, der dei lagar maten same dag som den blir levert.

– Vi har latt vere å gå over til kaldmatproduksjon, slik mange andre har gjort. Av dei 200 som får mat frå kjøkkenet vårt, er det 90 som får tilpassingar ut ifrå kva dei toler eller har lyst på. Dette kan ein ikkje gjere om ein driv kaldmatproduksjon, fortel ho.

Sjølv om kjøkkensjefen er glad for andreplassen, legg ho ikkje skjul på at ho også er litt bekymra for alle kjøkkena som ikkje har det same nivået. Ho har blitt invitert til å komme med innspel til departementet om korleis dei skal løfte andre kjøkken.

– Som kjøkkensjef er det veldig kjekt å bli bedt om dette, seier ho.

Stolt over å ha slikt personale

Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) meiner andreplassen er ein enorm prestasjon.

– Eg trur det er vanskeleg å skjønne kva slags prestasjon dette faktisk er. Kåringa starta med 428 kjøkken, og berre det å vere blant finalistane er sterkt i seg sjølv. Gloppen konkurrerte med kjøkken som har mykje større budsjett å rutte med. Så det er ein utruleg god prestasjon, og vi er stolte av å ha slikt personal i kommunen, seier han.

Han seier han er glad for at eldre i Gloppen får denne oppfølginga.

– Ein må ikkje gløyme at det er dei eldre som får denne maten. At dei får kvalitetsprodukt og skikkeleg oppfølging av kommunen er viktig ernæringsmessig, men det skulle jo eigentleg berre mangle, seier han.

Artikkeltags