Den vesle røyskatten og den store fisken

Røyskatten forsynte seg litt for grovt av garnet til Kari Håbrekke på Hestnesøyra.

Artikkelen er over 5 år gammel

Då Kari Magda Håbrekke skulle renske fiskegarnet, fekk ho både besøk og ei artig oppleving.

DEL

Kari Magda Håbrekke fekk besøk av ein svolten røyskatt medan ho renska fiskegarnet på bua si på Hestenesøyra i Gloppen i helga. Men det var ikkje så enkelt for den vesle røyskatten å handtere den relativt store fisken, og streva difor lenge med byttet sitt.

Kari Magda filma litt av seansen og kom så tett som under ein meter frå han.

– Å komme så nærme ein røyskatt er høgst uvanleg, men den var vel så redd for at eg skulle ta fisken at han gløymde å bli skremd sjølv, fortel Kari Magda.

Røyskatten vart verande på bua ei god stund og la beslag på endå ein fisk.

– Det var ei artig oppleving å ha besøk av røyskatten på bua vår.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken