Blei dømd for å ha øydelagt 2000 år gammalt kulturminne – no er Bjarne Hole frikjent

FRIKJENT: I mai blei Bjarne Hole dømt for brot på kulturminnelova, men han anka dommen. No er han frikjent i Gulating lagmannsrett.

FRIKJENT: I mai blei Bjarne Hole dømt for brot på kulturminnelova, men han anka dommen. No er han frikjent i Gulating lagmannsrett. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Gulating lagmannsrett har frikjent Bjarne Hole for skuldingane om å delvis ha øydelagt kulturminne då han grov rundt verkstadbygningen til Hole Traktor og Maskin på Byrkjelo.

DEL

I april i år møtte Bjarne Henry Hole frå Byrkjelo i Fjordane tingrett. Der var han tiltalt for å ha brote kulturminnelova ved å gjere inngrep i sikringssona til eit automatisk freda kulturminne og for å delvis ha øydelagt kulturminnet, då han grov langs veggen på verkstadbygningen på Byrkjelo. 

I mai blei han dømt til fengsel på vilkår og å betale ei bot på 40.000 kroner, samt sakskostnadar. I juni anka Hole dommen til lagmannsretten.

No er han frikjent av ein samrøystes lagmannsrett.

Grov der i 1980

Det var fylkeskommunen som melde Hole til politiet for gravinga. I mai og juni 2015 oppdaga dei at Hole hadde sett i gang graving i området langs husveggen ved Hole Traktor og Maskin. I området er det funne spor etter busetnad frå eldre mellomalder. På grunnlag av det melde fylkeskommunen Hole til politiet for graving i det automatisk freda kulturminnet og den tilhøyrande sikringssona.

Hole har erkjent at han har grave på eigedommen, i eit område påtalemakta meiner er eit automatisk freda kulturminne, men han har nekta straffskuld då han meiner området er feilregistrert. Han meiner det ikkje kan ha skjedd noko ny skade på kulturminne, fordi det blei grave i same gropa som vart utgraven då han bygde verkstaden i 1980.

Har eg skada noko, så har eg gjort det i 1980, ikkje i dag, sa Hole i tingretten.

Han peika på at gravinga han har gjort, har vore for å berge verdiane i eigedommen, fordi det kom vatn opp golvet inne i verkstadbygningen.

– Vi var redde for at det skulle tette dreneringa som går rundt heile bygget. Handlinga var for å avgrense skaden, sa Hole mellom anna.

SJAKTA: Bjarne Hole har erkjent å ha grave langs veggen på verkstadbygningen. Politiet meinte Hole hadde grave i sikringssona til kulturminnet, men lagmannsretten meiner sjakta ikkje er omfatta av noko automatisk freding og/eller sikringssone.

SJAKTA: Bjarne Hole har erkjent å ha grave langs veggen på verkstadbygningen. Politiet meinte Hole hadde grave i sikringssona til kulturminnet, men lagmannsretten meiner sjakta ikkje er omfatta av noko automatisk freding og/eller sikringssone. Foto:

Han sa også i tingretten:

– Eg grov ikkje for å provosere nokon.

Då saka var oppe i tingretten la aktor ned påstand om fengsel i 60 dagar, medan forsvarar Edmund Bolstad la ned påstand om at Hole skulle bli frifunnen.

Samrøystes dom

Ankeforhandlingane gjekk føre seg på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde 3.–4. oktober. Der blei seks vitne høyrde, og lagmannsretten var på synfaring.

Lagmannsretten meiner at politiet ikkje har klart å legge fram kart eller dokumentasjon som viser at det er ei formell sikringssone rundt det freda kulturminnet på eigedommen til Hole.

Lagmannsretten skriv at dei legg til grunn at korridoren langs veggen av verkstadbygningen ikkje er omfatta av noko automatisk freding og/eller sikringssone. Dei legg til grunn at det hovudsakleg er her Hole har grave. Dei skriv at det knyter seg tvil om han har utført slikt gravearbeid utanfor denne sjakta og såleis i det automatisk freda kulturminnet. 

Ein samrøystes lagmannsrett frifann Hole.

Firda har vore i kontakt med Bjarne Hole, men han vil ikkje kommentere saka.

Artikkeltags