Laurdag er det klart for Stafett for Livet på Førde Stadion, og stafettleiar Dag Rune Mallasvik håpar full bane i år også.
– Eg satsar på at vi skal klare over 1200 påmelde. Bana på Førde Stadion rommar utruleg mykje folk, så fullt blir det nok ikkje. Nokre folk går og nokre folk kvilar, det er ikkje alle som går til same tid, fortel Mallasvik.
No er det 881 påmelde og 40 lag. Dagen før fjorårets stafett var det 500 påmelde og 25 lag, men då enda dei med 1016 påmelde når stafetten var ferdig. Mallasvik fortel at dei kan bli på kort tid bli mykje fleire.
Berre timar før løpet var Eirik ferdig med sin siste cellegiftkur
Går for same sak
Ved spørsmål om kva vêr han håpar på svarar Mallasvik at det blir kanskje ikkje like strålande som i fjor.
– Slik det ser ut no blir det framleis ein veldig fin stafett. Det er kanskje litt vått på søndagen, men framleis varmt, fortel Mallasvik.
På bana er det også tilbod om mat som er laga av kokkelinja på Førde vidaregåande skule i lag med kokkar frå Norske kokkars Landsforening.
– Eg ser nok mest fram til opninga og når ein ser 1000 på bana, som alle går for ei sak. Også blir lysseremonien på kvelden også eit høgdepunkt, seier Mallasvik.
Skal sjølv gå mykje
Mallasvik fortel at han sjølv har planar om også å gå på bana i løpet av døgnet.
– Eg satsar på fleire rundar gjennom heile døgnet, men kanskje må eg innom heime for å sove litt, slik at eg er opplagt til morgonen på søndagen, seier Mallasvik.
Stafett for livet i Førde er i år blant dei stafettane i Norge med flest påmelde.
– Vi tenkjer at fleire kjem spontant også. Det ein kan gjere då er å gå inn porten, melde seg på, også går ein så mange rundar ein følar på.
– Det er veldig enkelt og alle kan delta. Dette er ein stafett som ikkje er farleg, så om du vil gå, rulle eller springe, så kan du gjere det, fortel Mallasvik.
Stafett for livet
Arrangert i regi av Kreftforeininga.
Slik føregår ein stafett:
I eit heilt døgn går eller spring vi til støtte for alle kreftråka rundt i landet. Stafetten symboliserer kampen ein kreftpasient går gjennom og visualiserer at det alltid bør vere nokon på banen for den som er sjuk. Arrangementet er ein stafett med lag av ulik storleik der deltakarane ikkje går eller spring mot kvarandre, men med kvarandre.
- Fighterrunde: Arrangementet startar med ein "fighterrunde". Fighterane er æresgjestar på stafetten og er dei som har eller har hatt kreft. Lokalmiljøet heiar og hyller sine fightera, som samla går den første runden rundt løypa.
- Stafett: Dei neste 24 timane går stafetten rundt banen. Kvart lag forpliktar seg til å ha minimum ein deltakar på banen ein kvar tid. Alle laga har eit deltakartelt der dei møtast mellom rundane sine. Her er det rom og tid for uformelle møter, samtalar, kvile og mat.
- Lysseremoni: Når mørket kjem, dempast musikken, lyset og aktivitetsnivået på området. Alle deltakarane samlast til ein felles lysseremoni. Under lysseremonien minnast deltakarane dei dei har mista og viser sin støtte til dei som står i stormen no.
- Avslutning: Etter eit døgn er gått, samlast alle deltakarane, frivillige og arrangørar til ei felles avslutning og feiring.
Utanom stafetten blir det arrangert ulike aktivitetar på arenaen.
I Førde blir stafetten gjennomført den 9. - 10. september 2023 på Førde Stadion.
Lenke til påmelding: https://pamelding.stafettforlivet.no/stafett/forde/
(Kjelde: Kreftforeininga - Stafett for livet)