– Vi har ikkje fått inn nokre meldingar om at det er spesielt glatt i tidlegare Sogn og Fjordane, men ein bør køyre etter forholda.

Det seier trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Vest, Tom Erik Englaugstad, til Firda tysdag morgon.

Meldt underkjølt regn

Fleire stadar i landet er det meldt underkjølt regn fram til tysdag morgon klokka 09, også i Vestland.

– Underkjølt regn er ein veldig spesiell vêrtype der regnet frys med ein gong det treffer ei overflate, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Anne Hårstad til NTB.

Denne isen kan vere svært vanskeleg å sjå.

– Han kan også vere veldig lokal. Det vil seie at det til dømes kan vere glatt i ein spesifikk sving. Det er heilt umogleg å førebu seg på, og det er det som gjer det så farleg, seier Hårstad.

Snør nokre stader

Englaugstad opplyser om at det snør enkelte stader i tidlegare Sogn og Fjordane. Dette kan påverke køyreforholda.

– Det kan vere glatt fleire stader, seier han.

Ein treng likevel ikkje å la bilen stå i morgontimane.

– Så lenge ein gjer som ein alltid bør gjere, altså å køyre etter forholda, så kan ein køyre.