Gjøran (25) får ikkje gå på rekruttlandslaget neste år

SKUFFA: Gjøran Holstad Tefre er lei seg over at han ikkje får moglegheit til å vere ein del av rekruttlandslaget. Bildet er frå 15 km menn fristil i NM på ski i Konnerud i vinter.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

SKUFFA: Gjøran Holstad Tefre er lei seg over at han ikkje får moglegheit til å vere ein del av rekruttlandslaget. Bildet er frå 15 km menn fristil i NM på ski i Konnerud i vinter. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix Foto:

Årsak: Langrennskomiteen har sett ny aldersgrense.

DEL

– Eg trudde at eg skulle få eit tilbod etter dei resultata eg hadde i vinter, seier Gjøran Tefre til NRK.

I fjor haust uttalte langrennskomiteen at rekruttlandslaget for 2020/2021 skulle bestå av utøvarar på nivået rett bak eliten, og halde ein alder fortrinnsvis under 27 år.

Men torsdag, då laget vart presentert, kom skileiinga plutseleg med eit nytt alderskrav. No er det berre utøvarar som er fødde i 1996 eller yngre som blir vurdert. Dermed fell utøvarar mellom 25 og 27 år bort.

Blant dei er førdianaren Gjøran Tefre, som vann Skandinavisk Cup denne sesongen.

Skuffa

– Eg synest det er veldig spesielt og at dei kjem med dette no. No har dei sagt konsekvent gjennom vinteren at det skulle bli eit rekruttlag der alder ikkje skulle vere eit viktig kriterium, seier han til NRK.

Han synest det er veldig dårleg at leiinga ikkje har gitt beskjed. Han fekk nemleg vite nyheita frå NRK.

Trenaren hans, Eivind Arne Bjaaland i Team Veidekke Vest, er samd. Han seier at grensa på 27 år vart gjentatt av skileiinga på eit møte under NM på Konnerud i januar.

– Vil gje betre kontinuitet

Dei som no er på rekruttlandslaget er: Mattis Stenshagen, Jan Thomas Jenssen, Harald Østberg Amundsen, Iver Tildheim Andersen, Håvard Moseby og Ansgar Evensen.

– Viss ein ser vekk frå Russland og Norge, så hadde Tefre og lagkamerat Eirik Sverdrup Augdal blitt tatt ut på kva som helst anna landslag i verda på bakgrunn av prestasjonane dei har vist, seier NRK-ekspert Torgeir Bjørn.

Bjørn forstår godt at løparane er skuffa.

Landslagskoordinatoren Ulf Morten Aune seier til NRK at dei måtte sette ei grense. Han meiner det nye grensa vil føre til betre kontinuitet.

Artikkeltags