Gjev ein halv million til reiselivet i Sogn og Fjordane

Reiselivsbransjen misser viktige inntekter. No får dei hjelp frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

DEL

Reiselivsbransjen får ein halv million til felles promotering av Norgeskampanjen 2020. Målet er å få fleire nordmenn til å feriere i Sogn og Fjordane, skriv Sparebankstiftinga i ei pressemelding:

– I løpet av ein vanleg sesong er ca 60-70 prosent av våre tilreisande utanlandske turistar. I år mister vi så godt som alle desse. Då må vi gjere det vi kan for å nå ferierande nordmenn. Det seier Ståle Brandshaug, som er reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

I lag med Visit Nordfjord, Visit Fjordkysten og Sunnfjord Utvikling skal dei no samarbeide om Norgeskampanjen 2020. Brandshaug har koordingeringsansvaret og forklarer at noko av kampanjen er eit fellesprosjekt mellom destinasjonsselskapa, medan noko er opp til kvar enkelt å styre.

Reklamefilm og VG-kampanje

– I fellesprosjektet med dei tre andre skal vi blant anna lage ein film som viser det beste av Sogn og Fjordane , seier Brandshaug .I tillegg skal dei i gang med fleire store nasjonale samarbeid.

– Vi i Visit Sognefjord skal samarbeide med både Visit Norway og Fjord Norge, og skal blant anna vere med i ein kampanje som skal gå i VG digitalt. Målet er å gjere Sogn og Fjordane mest mogleg synleg, seier Brandshaug.

Støtte til lokalsamfunna

– Reiselivet er spesielt hardt råka av denne krisa, og det kan ta lang tid før ting normaliserer seg. Derfor er det gledeleg at eigarstiftinga vår støttar reiselivsnæringa, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

No får kampanjen 500 000 i gåve. Pengane kjem frå overskotet til banken, som blir forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Dette er ei næring som har store innverknader på resten av samfunnet, og veldig mange bransjar blir påverka når reiselivet får seg ein knekk. Derfor er det viktig for banken å vere med å støtte opp under denne bransjen fordi vi ser at vi får så mykje igjen for det, seier Teigene i pressemeldinga.

Artikkeltags