– Elevar med milde symptom skal ikkje føle seg tvungne til å gå på skulen fordi dei er redde for fråvær. Dette vil seie at elevar med symptom heller ikkje må dra til fastlegen for å dokumentere fråværet. Koronapandemien er ikkje over og derfor må vi tilpasse fråværsreglane til den situasjonen vi no står i, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Ved å gjeninnføre dei midlertidige fråværsgreglanefrå tidlegare i pandemien, kan elevar som har helserelatert fråvær bruke eigenmelding, opplyser Regjeringa torsdag ettermiddag.