Norse Feedback er ei helseteknologibedrift i Førde. Det inneber mykje sittande kontorarbeid for dei tilsette. Dei fleste av dei er også småbarnsforeldre, i tidsklemma.

– Det er krevjande å få klemt inn trening i tidsskjemaet etter jobb. Ein kjem heim frå jobb sliten. Så skal ein lage middag, følge opp barna og deira aktivitetar, før ein kan prioritere trening, seier Hege B. Hopland-Nechita, driftsleiar i Norse Feedback.

Det var bakteppet for ein førespurnad frå ein av dei tilsette.

– Rådgjevar Thor Erik Nygård spurte om det var mogleg å få til eit opplegg med trening i arbeidstid, fortel Hopland-Nechita.

Som utdanna sjukepleiar, såg ho verdien i forslaget. Spesielt sidan det adresserte begge utfordringane dei tilsette kjente på.

– Dagleg leiar Joachim Vie var positiv til dette, så vi starta opp 12. september, fortel ho.

Norse Feedback betaler også treningsavgift for dei tilsette. Om ein ikkje ønskjer å trene på treningsstudio, får ein tilsvarande sum til å handle treningsutstyr eller treningsklede.

Motivasjonsboost

Hopland-Nechita beskriv prosjektet som ein stor suksess så langt.

– Vi har ein kalender der vi registrerer trening. Litt for å sjå om dette blir brukt, og fordi vi treng om å vite kvar kollegaene er, seier ho.

Ein bieffekt av treningskalenderen er ein motivasjonsboost.

– Det har blitt ei veldig sosial greie, som har fungert mykje betre enn eg hadde trudd på førehand, seier ho.

Ho fortel at dei tilsette ofte trenar saman, og at dei med mest treningskunnskap rettleiar dei som ikkje har like lang erfaring. Og at det har blitt mykje treningspreik i lunsjpausane.

– Trening og treningskalenderen har blitt ei sosial greie, som har gjort noko med arbeidsmiljøet. Fellesskapet rundt trening motiverer også til at ein sjølv ønskjer å gå på trening, seier Hopland-Nechita.

– Å sleppe tidsklemma i høve trening gjer utruleg godt. Det bygger overskot, fortel ho.

Tilsette som jobbar andre stader enn Førde får same tilbod.

– I treningskalender kan eg til dømes sjå at våre svenske tilsette er ute på «Promenad», seier Hopland-Nechita og smiler.

100 prosent deltaking

Oppslutninga om trening frå dei tilsette i selskapet er god. Hopland-Nechita dobbeltsjekkar, for sikkerheits skuld.

– Vi er 17 tilsette, og så vidt eg kan sjå så er oppslutninga 100 prosent, seier ho.

Initiativtakar Thor Erik Nygård er godt nøgd med tilbodet:

– Dette gjer Norse Feedback endå meir attraktiv som arbeidsplass, meiner han.

Han fortel at trening har særs god effekt på han, både fysisk og mentalt.

– Eg kjente ofte på eit ønske om å ta ein aktiv pause i arbeidet. Når eg sit lenge og jobbar, kjenner eg ofte at no hadde det vore fint med ei økt, for å restarte kropp og sjel. Til dømes når ein grev seg ned i detaljar i førebuingar til eit møte. Då er det fint med eit avbrekk før møtet, seier han og smiler.

Nygård fortel at den store vinsten ligg i å kunne gå heim etter jobb og trening, og vie seg til familielivet.

– Då er det barna som skal stå i fokus. Og på slutten av dagen kan eg legge meg med godt samvit. Eg har gjort det eg bør av eigenpleie, og eg har hatt overskot til å vere til stades for familien, seier Nygård.

Ei investering i god «bedriftshelse»

Det er eit raust tilbod: Den eine sida er pengane Norse Feedback brukar på trening. Den største kostnaden er nok tida dei «gir» vekk. 17 tilsette som får 2 timar kvar i veka svarar til 34 arbeidstimar. I praksis nesten eit heilt årsverk via til trening.

– Vi er eit forskingsbasert selskap, som likar å støtte seg på forsking. Og den seier at tilsette som trener i arbeidstida blir sju prosent meir effektive, så det hentar vi raskt inn igjen, seier Hopland-Nechita og smiler.

Ho trekker også fram nokre andre forskingsbaserte fordelar:

– Trening førebygger belastningsskadar, reduserer sjukefråvær, aukar trivsel og gir meir motiverte tilsette. Det er for tidleg å trekke konklusjonar, men per no har vi ikkje langtids-sjukefråvær, seier ho.

Hennar råd til andre bedrifter er enkelt:

– Eg kan trygt anbefale dette til andre bedrifter i Sunnfjord, seier ho.


Dagleg leiar Joachim Vie er godt nøgd med tiltaket.

– Verdien i Norse Feedback er folka. Vi jobbar opp mot psykisk helse, og vi veit at fysisk og psykisk helse går hand i hand. Tid er ein verdifull faktor i alle sine liv, så å frigi tid til trening er ein god ting, seier Vie.

Han er positivt overraska over kor populært tilbodet er.

– Det er kjekt å sjå at alle nyttar seg av det. Vinsten for selskapet som selskap ligg i auka trivsel og motivasjon i arbeidskvardagen. Dette er eit utelukkande positivt tiltak for oss, seier han.

Les også

Jobben ho elska, gjorde Linn Therese (31) sjuk: – Eg hadde så mørke tankar at eg var usikker på om eg ville leve