Gilde trykte dyrevelferdsannonse etter NRKs grisedokumentar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Dagen etter at Brennpunkt-dokumentaren om norsk griseproduksjon sette sinna i kok hos mange, svarte Gilde med å trykke dobbeltannonse i fleire norske aviser.

Dokumentaren som vart sendt på NRK onsdag kveld, viser opptak som er gjort med skjult kamera over ein periode på fem år.

Torsdag morgon rykte Gilde, som er ein av Norturas fremste merkevarer, ut i fleire av dei største avisene i landet med ein dobbeltsidig annonse med reklameteksten «Står det Gilde på pakka, skal du være trygg på at kjøttet alltid er norsk og at dyra har hatt det bra. Holder man ikke standarden for dyrevelferd, leverer man ikke kjøtt til Gilde.»

– Bortkasta pengar

– Hadde eg vore medierådgivaren deira, hadde eg sagt at desse annonsane er bortkasta pengar. Ingen trur på det dei skriv i lys av det ein såg i dokumentaren, seier kommunikasjonsekspert Elizabeth Hartmann til Nettavisen.

Assisterande kommunikasjonsdirektør i Nortura, Eskil Pedersen, seier til Kampanje at han forstår at annonsen kan provosere, men at det var nødvendig.

Klagar inn annonsen

– Det må vere eit før og etter denne filmen. Derfor er vi krystallklare på at kjøper du Gilde-produkt, så skal forbrukar vere heilt trygg på at dyra har hatt det bra. Det seier vi av ein grunn, seier Pedersen til Kampanje.

– Historia om at grisene har det godt i norsk industrilandbruk, ei historie dei har brukt store ressursar på å pumpe ut i Noreg, er no avslørt som usann. At dei då held fram denne uærlege framstillinga viser at dette er ein organisasjon som set salet av pølser og bacon langt over velferda til dyra, seier produsent i Piraya film som står bak filmen, Bjarte M. Tveit, til VG.

Ei gruppe som kallar seg «Nettverk for dyrs frihet» opplyser torsdag kveld at dei vil klage Nortura inn til Forbrukartilsynet for villeiande marknadsføring.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken