Geiter «klippar» golfgraset på Sandane

Av

På Sandane i Gloppen, har fire geiter fått i oppdrag å beite rundt golfbanen, så golfarar som sleivar med slaget, finn ballen og kjem seg opp på banen igjen.

DEL

Golfentusiast Bjarte Øvrebø og golfbaneeigar Didrik Eide, har henta inn fire geiter frå ein stor geiteflokk i Jølster, til å halde graset ved like rundt golfbanen på Sandane i Gloppen. I tillegg til god hjelp, bidreg dei også til ei triveleg stemning for golfspelarane, skriv NRK.

Geitene held seg innanfor oppdragsområdet fordi dei har eit elektrisk GPS-gjerde som gir dei støyt om dei går utanfor. Teknologien blir no testa fleire stader.

Langs Flåmsbana i Sogn og Fjordane har 20 geiter fått i oppdrag å rydde skog og mark langs banen, på andre året. Oppdraget er det Flåm utvikling som står bak. Prosjektleiar Sindre Haugen Orvedal seier det blir eit finare resultat enn om ein legg ned skogen med motorsag, og at dei besøkande synest det er hyggeleg.

Lars Olav Eik, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, seier til NRK at geiter er perfekte til å driva med gras- og skogrydding. Dei et både tre og buskar utan at ein treng å pressa dei, og geitene er veldig gode til å halde landskapet nede.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken